Hopp til innhold

Kaien som et av bygda

JONDAL-TØRVIKBYGD (NRK): Nyleg vart den gamle banken i Jondal ofra for å utvide ferjekaien. Men enno er den ikkje alltid stor nok.

Ferjebilletør Oda Lothe i Jondal

Ferjebilletør Oda Lothe på kaien i Jondal. - På dei travlaste dagane står ferjekøen langt uti vegen, seier ho om sambandet som brått vart travlare i 2012.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket. I dag er det ferjestrekninga Jondal-Tørvikbygd i Hardanger som står for tur. Sambandet vert trafikkert av MF «Etne».

- På dei store utfartsdagane kan køen framleis stå langt ut i vegen, forklarer Oda Lothe som sel billettar på kaien.

– Og no må dei ta sveitserhus om kaien skal bli større. Det er kanskje ikkje så lurt.

Ferjekaia i Jondal

Oppstillingsplassane på kaien i Jondal tek eit stort jafs av sentrum i bygda.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Stor passasjerauke

Då Jondalstunnelen opna i 2012 vart sambandet plutseleg ein del av den raskaste vegen mellom Bergen og Odda. Medan ein heilt ny ferjekai stod klar på Årsnes lenger ute i fjorden kom trafikkauken til Jondal.

Her ønsker dei seg ny kai, men det er det ingen som vil betale for.

– Det er noko heilt anna enn tidlegare, ja. Det har endra bygda, seier Lothe som sjølv er frå Jondal.

Jondal Tørvikbygd

Dette meiner NRK om Jondal-Tørvikbygd

Overfart og kaianlegg: 5

Ja, det er i Hardanger, men overfarten er faktisk ikkje veldig spanande. Unntaka er ved byrjinga og slutten. Særleg Jondal er ei perle.

Tørvikbygd

Kaien i Tørvikbygd.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 3

Det står "Etne" på sida, men ikkje la deg lure. Dette er gamle MF Askøy, bygd for rutelaget Askøy-Bergen av Mjellem og Karlsen i 1979. Eigentleg skulle den degraderast til reserveferje i 2011, men trafikkauken på Jondal-Tørvikbygd har gitt veteranen plass i startoppstillinga. Her er det mykje slite og utdatert. Salong berre under dekk.

MF Etne

MF 'Etne' tøffar til kai i Jondal.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 6

Restauranten framleis i drift, med eige kjøken på sida av hovudsalongen. Heilt grei kaffi. Toaletta lite innbydande. Rundt kaiane, særleg i Jondal, har dei mykje å by på. Positivt med vogn med Thai-mat, men denne var diverre stengt då eg vitja kaien.

Restauranten på MF Etne

Restauranten på MF 'Etne' har heilt grei kaffi.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 5

Denne ferja har eg nok reist med mange gonger tidlegare. Det er med eit nostalgisk vemod eg ser sideportane der askøyværingane strøymde ut på Nøstet fram til 1992. No er dei nok mura att for alltid. Det er og eit pluss med bilete av gamle ferjer på veggane.

Totalt 19 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks