Langt ute i havgapet i Gulen kommune ligg Hisarøy, med sine 45 fastbuande. I mange år har dei drøymt om ein kvardag der dei kan komme seg enklare til og frå øya, og no blir draumen endeleg verkeleg.
Ordførar Hallvard Oppedal sat bak spakane i gravemaskina då det første ”spadetaket” på ferjeanlegget vart teke i dag.
Ei miljøvenleg kabelferje, som er litt mindre enn den som er i Masfjorden, vil endre kvardagen for øyfolket.
– Dette var kjekt, veldig kjekt, seier Oppedal oppglødd.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under TV-saka)
Torte ikkje tru på ferje før i dag
Det var dekka opp til fest på Hisarøy i dag. Bygdefolket spanderte alt frå kringle til røykelaks, for denne dagen skriv seg for alvor inn i historia til den vesle øya.
Allereie i 2009 vedtok fylkespolitikarane at innbyggjarane på øya skulle få kabelferje, men leiar i Hisarøy Grendalag, Aslak Nyhammer, har ikkje tort å sleppe jubelen laus før i dag.
– Når vi no ser anleggsfolka stå klare med gravemaskin og borerigg, då veit vi at vi om eit år kan ta med oss bil over Nyhammarsundet, seier han glad.
– De anar ikkje korleis dette vil lette oss i vårt daglege liv og kva håp dette gir for utviklinga framover.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
– Det blir herleg å ta ferje over sundet
I fjor var det Gulen-øyane Sandøy og Byrknesøy som fekk fastlandssamband, då den etterlengta brua over Brandangersundet stod ferdig.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
No er turen komen til innbyggjarane på Hisarøy, og som den siste av dei store øyane i kommunen får øya no endeleg fastlandssamband. Nestleiar i Hisarøy Grendalag, Rita Birknes Stendal, gler seg over at kvardagen no kan bli lettare.
– No kan vi køyre bilen heilt til husdøra, og vi slepp å ta ting til og frå i båt, seier ho.
– For ikkje å snakke om då det er dårleg vêr, då blir det herleg å ta ferje over sundet, seier ho.
Gir innbyggjarane trua på framtida
For sjølv om det i dag var flotte vêrforhold til å vere ute i småbåt er det ikkje noko særleg når hauststormane ular og ein skal til og frå jobb både seint og tidleg.
At både fastbuande og hyttefolk no kan ta seg fram til øya med bil gjer at bygdefolket har fått tru på framtida.
– Kanskje kan det kome fleire innbyggjarar, seier Birknes Stendal.
Både ho og Nyhammer var eit einaste stort smil i dag.
– Dette er ein viktig dag, seier Nyhammer og smiler.