Hopp til innhold

Justisministeren har svart om UWC-studentane: – Svært skuffande

Justisministeren vil ikkje gjere om innreise-nekten for to palestinarar som har fått studieplass på UWC. Det kjem fram i eit svar ho har sendt til Stortinget.

Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo (V), karakteriserer det som «eit svært skuffande svar»:

– Det verkar som Justisministeren har null interesse for og kunnskap om UWC og deira spesielle situasjon som ein internasjonal skule, seier han.

Han viser til at same statsråd instruerte UDI til å opne dørene for ni palestinske medisinstudentar som skal studere i Oslo.

– Venstre kan ikkje akseptere at regjeringa berre ordnar opp for institusjonar som ligg i «gangavstand» frå regjeringskvartalet, men ikkje vil løfte ein finger for dei som driv utdanning ute i distrikt-Noreg.