Hopp til innhold

Bad og bålkos for Justin i Stryn

Først eit bad i Oppstrynsvatnet. Så bålkos i vasskanten medan sola gjekk ned. Superstjerna Justin Bieber var heilt overvelda av det han opplevde i Stryn.

Justin Bieber

ORANSJE LUE: Her er Justin Bieber på plass i Stryn.

Foto: Roger Vik

Det seier John Olav Lefdal. Han stadfestar overfor NRK at det var han som var vert for den kanadiske superstjerna i går.

Til mange si store overrasking var artisten å finne i Stryn søndag.

Bieber starta dagen med å ete frukost på Stryn vertshus. Så reiste han til Hjelle Hotell. Meininga var at dei også skulle ete lunsj på vertshuset, men det kom så mykje folk utanfor og det vart så mykje ståhei at lunsjen vart kansellert. Mat vart i staden ført fram til hotellet, ifylgje Lefdal.

– Då Bieber vakna opp her og såg ut av vindauga vart han heilt forstyrra, heilt overvelda, fortel Lefdal.

Justin Bieber i Stryn

VAR HER: Hjelle Hotell.

Foto: Roger Vik

Flott haustvær

Artisten budde på Hjelle Hotell i Oppstryn. Utanfor venta fantastisk natur i svært flott haustvær og 20 grader.

– Bieber har køyrd båt, køyrt ATV, flydd i helikopter og bada i Oppstrynsvatnet. I kveld har sitte ved eit bål nede ved vatnet og kosa seg saman med meg, sa Lefdal til NRK i går kveld.

Justin Bieber var ein ivrig fotograf og tok mange bilder under opphaldet. Nokre av dei la han personleg ut til ein kompis, som i igjen la det ut offentleg. Det var slik norsk media og andre fekk snurten i at superstjerna faktisk var i Stryn.

Ikkje uventa samla stryneungdomen seg i nærleiken då ryktene byrja å svirre om at superstjerna faktisk var i kommunen.

Justin Bieber i Stryn

SER UT: Justin Bieber var i godt humør i Stryn.

Foto: Roger Vik

Takksam superstjerne

– Nokre ungdomar spurte om å få kome inn, men Bieber ba om litt fred sidan han hadde køyrt heile natta. Det vart respektert av ungdomen. Bieber har vore utruleg høfleg og grei, og ungdomen forlot området utan problem.

– Bieber var veldig takknemlig. Han har skrytt og takka for ein fantastisk dag, seier Lefdal.

Og legg til: han kjem nok igjen.

– Korleis har de klart å halde dette hemmelig?

– Vi er nøydd til å gjere det slik. Skal vi få slike folk til å kome hit, er det nettopp fordi me kan tilby dei eit privatliv og la dei oppleve noko i fred og ro, seier Lefdal, som ikkje er ukjend med å bringe kjendisar på tur til Vestlandet.

Var vert for Justin Bieber

VAR VERT: John Olav Lefdal var verten til Justin Bieber medan han vitja Stryn.

Foto: Roger Vik

Vidare til Finland

Bieber reiste vidare seint sundag kveld. Avreisen vart utsett to timar for at transportcrewet skulle få ete på vertshuset.

– Dei tykte det var så koseleg på vertshuset så dei vart litt lengre, seier Lefdal.

Justin Bieber har no flydd vidare til Finland der han skal halde nye konsertar.