Hopp til innhold

Kommunane har skulda for datafeilen i barnevernet, meiner jussekspert

– Det ser ut som ein peikeleik, men ein kan ikkje fri seg frå ansvaret, seier tidlegare juridisk direktør i Datatilsynet.

Kim Ellertsen i Datatilsynet
Foto: Datatilsynet

– Staten og kommunane har svikta dei mest sårbare menneska i samfunnet vårt ved å ikkje ha på plass betre kontroll og rutinar for å sikre ei fungerande barnevernsteneste.

Det meiner advokat Kim Ellertsen. Han er personvernansvarleg i Elden Advokatfirma og tidlegare juridisk direktør i Datatilsynet.

Bakgrunnen er at i fleire år har eit førebels ukjent tal bekymringsmeldingar til barnevernet i Noreg blitt sletta på grunn av ein teknisk feil.

Dette fortalde byrådet i Bergen på ein pressekonferanse måndag.

244 kommunar brukar den nasjonale nettportalen for å melde inn bekymringsmeldingar til barnevernet. Datasystemet er levert av selskapet Visma.

– Visma sin feil

I Bergen åleine er det avdekka at sidan januar 2021 er det 24 bekymringsmeldingar frå offentlege instansar eller frå privatpersonar som aldri kom fram til barnevernstenesta i byen. Til samanlikning får Bergen inn over 3000 bekymringsmeldingar i året.

Byråd for barnevern og sosiale tenester, Line Berggreen Jacobsen (Ap), understrekar at Visma vedgår at feilen ligg hos dei.

– Dette handlar om ein nasjonal systemfeil, ikkje ein svikt i barnevernet i Bergen.

Line Berggreen Jacobsen (Ap), byråd for barnevern og sosiale tjenester i Bergen kommune

Barnevernsbyråd Line Berggreen Jacobsen vil førebels ikkje seia kvifor Bergen kommune brukte to månadar før Datatilsynet vart varsla om datafeilen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Men no kjem det kritikk frå fleire hald. For det første:

Ein helsesjukepleiar oppdaga og varsla 10. mars at ei bekymringsmelding ho hadde sendt 2. februar ikkje hadde blitt sendt vidare til barnevernet. Men Bergen kommune informerte ikkje Visma og Datatilsynet før i byrjinga av mai.

Kommunen sitt eige personvernombod, Knut Schjerven Roald, meiner at Bergen varsla Datatilsynet to månadar for seint.

For det andre:

Advokat Ellertsen meiner at verken Bergen eller andre kommunar kan fråskrive seg ansvaret for datafeilen hos Visma.

– Så enkelt er det ikkje. Det er kvar enkelt kommune og barnevernsteneste som har ansvar for informasjonsflyten i eit slikt system. Plikta til å sikre at det fungerer ligg hos sluttbrukaren, altså hos kommunen, meiner han.

Les også Slik vart Visma-feilen oppdaga: Kommunen varsla ikkje vidare på to månadar

Familiens hus i Bergen

– Svikt i alle ledd

Ellertsen etterlyser kvifor det ikkje har vore eit internkontrollsystem som har avdekka feilen.

Når ein då ikkje etterspør og kontrollerer at denne kanalen faktisk fungerer, ligg ansvaret teoretisk og formelt hos kommunen, seier han.

Men han understrekar at også Visma har eit ansvar.

– I denne saka verkar det som at det har svikta i alle ledd, vere seg hos Visma, KS og kommunane, seier Ellertsen.

Han er også kritisk til at det gjekk ein månad før Visma informerte offentleg om feilen.

– Det forlenga situasjonen der viktig informasjon om mogleg omsorgssvikt overfor barn ikkje har kome fram til barnevernstenesta, hevdar han.

Kollegaen hans Ingrid Lauvås er leiar av Advokatforeningens lovutval for barnevern.

– Staten har no eit særskilt ansvar med å umiddelbart setje i verk tiltak for å kartleggje om dei bortkomne bekymringsmeldingane har medført forlenga omsorgssvikt for barn, og samtidig sørgje for at rettane til desse barna blir varetekne på ein god måte, seier ho.

Ho meiner det vere snakk om barn som vil ha krav på oppreising og erstatning.

Hei!

Eg har dekka saka om dei forsvunne barnevernsvarsla. Er du råka av feilen? Har du informasjon eller tips i saka?

Byråden taus om sein varsling

Byråd Jacobsen i Bergen vil førebels ikkje svare på kvifor det gjekk to månadar før kommunen varsla om datafeilen.

– Kva som har skjedd, og om me skulle gjort noko annleis, må me undersøka og komma tilbake til. Vårt fokus har no vore å prøva å finne ut kva barn dette gjeld, og følge dei opp.

– Eg er veldig glad for at me har vakne tilsette i Bergen kommune. Feilen ligg hos Visma, men me må samstundes gå gjennom kva kommunen sjølv har gjort. Det er me i gang med.

– Skulle kommunen hatt kontrollmekanismar som kunne ha avdekka feilen?

– Det er for tidleg å seia. Men hugs at fleire hundre kommunar har brukt dette systemet, og feilen vart oppdaga i Bergen.

– Er du einig med personvernombodet i at Bergen burde ha varsla Datatilsynet allereie i mars?

– Eg vil ikkje konkludera no. Eg ønsker å få alle fakta på bordet. Men at sletta informasjon gjer at me ikkje er i stand til å utføra barnevernsansvaret vi har, skal sjølvsagt rapporterast til Datatilsynet så fort som mogleg, seier Jacobsen.

Les også Varslingar til barnevernet har forsvunne: Ministeren varslar nasjonal gransking

Statsråder møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene

Byråden vart informert om datafeilen av sin eigen kommunaldirektør på torsdag.

– Det kan vera at eg skulle fått informasjon då det gjekk melding til Datatilsynet i byrjinga av mai, men dette blei då sett på som ei enkeltståande hending.

– Er kommunen og du som byråd ansvarleg sjølv om det er dataleverandøren dykkar som har gjort feilen?

– Det er absolutt vårt ansvar at barn og unge i Bergen får oppfølginga dei skal, men Visma har sagt at feilen ligg hos dei. Og så er det slik at denne feilen treffer Kommune-Noreg breitt. Når feilen gjer at bekymringsmeldingar ikkje kjem fram, gjer det jobben vår umogleg, seier Jacobsen.

Forstår kommunane

Professor Tobias Mahler ved Senter for rettsinformatikk ved Universitetet i Oslo er mindre sikker på at kommunane har eit hovudansvar for systemsvikten.

– Det er ikkje lett å seie kven som har ansvaret. Det er ganske vanskeleg å oppdage feil viss du ikkje får ei melding du skulle ha fått. Som regel vil ein forvente at den typen meldingar kjem utan at ein må følgje opp at det faktisk kjem fram, seier han.

Bendik Bygstad er professor i digitalisering ved UiO, og professor II ved NHH i Bergen.

Han meiner at det er eit felles ansvar for at systemet skal fungere, og at ein ikkje kjem nokon veg av å skylde på kvarandre:

– Når ein lagar ei løysing der eit system skal kommunisere med eit anna system, så må nokon ha ansvaret – ikkje berre for si eiga løysing – men for at kommunikasjonen fungerer. Og det har ikkje vore tilfelle her. Når ein lagar sånne løysingar, så må ein monitorere at løysninga faktisk fungerer, ikkje berre stole på det.