Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 28. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Kva avgift er det som har fått saft- og syltetøyprodusenten Lerum til å fortvile i haust?
  2. Fabrikken i Årdal håpar å doble produksjonen av såkalla wafers dei neste åra. Kva heiter fabrikken?
  3. Arne Johannessen er politimannen som skal leie politiet i Sogn og Fjordane dei neste åra. Kvar er han opphavleg frå?
  4. Fotballspelaren kom tilbake til Sogndal etter tre år i utlandet. I saftbygda fekk han tillit som kaptein frå første kamp. Kva kommune kjem denne Sogndal-spelaren frå?
  5. Kva heiter forfattaren frå fylket som fekk Brageprisen for boka Tung tids tale? Vi vil ha førenamnet.
  6. Kvar i fylket finn vi hotellet med det klingande namnet Hotel Sognefjord?
  7. Kva Sogndal-spelar bomma på straffe i kampen der Sogndal mista plassen i eliteserien no i haust? Vi vil ha førenamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!