Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 27. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Kva heiter den nye redaktøren i avisa Firda Tidend på Sandane? Vi vil ha førenamnet.
  2. Tidlegare i haust bestemte regjeringa seg for å gjere om på UDI sitt vedtak om å leggje ned eit av asylmottaka i fylket. Kva mottak var det?
  3. Askvoll fekk ny ordførar etter valet i haust. Vi vil ha etternamnet på den nye ordføraren.
  4. Kronprinsfamilien var i haust i Hoddevika i Selje for å surfe. Kor gamal var prins Sverre Magnus då dei var der? Skriv svaret med bokstavar.
  5. Kva heiter ministeren som sette ein stoppar for forslaget om å forby medbringa alkohol på festivalcampar. Vi vil ha førenamnet.
  6. To år på rad har MGPjr-vinnarane vore frå Eid. Kva heiter vinnaren av årets MGPjr? Vi vil ha førenamnet.
  7. Fleire lokale utøvarar markerte seg i toppen då det var arrangert NM i Vik i oktober. I kva idrett?
  8. Kva heiter TV2-programmet der 16-åringen Andrea Santiago Stønjum kom på andreplass no like før jul?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!