Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 26. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Fleire stader i landet, blant anna i Førde, ville MDP-politikarane forby eit fargesprakande element av 17. mai-feiringa. Kva snakkar vi om?
  2. Ein 21-åring frå Førde fekk Sogn og Fjordane fylkeskommune sin gründerpris for ungdom i haust. Kva heiter hudpleiemerket han vann prisen for?
  3. Det er tre regionlensmenn i Sogn og Fjordane. Ei av dei er kvinne. Kva heiter ho? Vi vil ha førenamnet.
  4. Sogningane samla sjølv inn pengar, og etter planen skal denne stå klar til bruk på Lærdal sjukehus neste haust. Kva snakkar vi om?
  5. Kva heiter nordmannen som kom på andreplass under Tour des Fjords-etappen mellom Gulen og Norheimsund i sommar? Vi vil ha førenamnet.
  6. Kva bygd i Nordfjord får byte kommune frå 2020 og blir den av den nye Stad kommune?
  7. Ein skodespelar frå Florø har gjort kometkarriere på Sogn og Fjordane teater. Til neste år er ho på rollelista til nesten alle stykka som blir sett opp på teateret. Kva heiter den unge kvinna? Vi vil ha førenamnet.
  8. Klippet med Vilde og Anna som syng Vestlandet på MGPjr-finalen har over 1,4 millionar avspelingar på denne populære nettstaden. Kva heiter nettstaden?
  9. Såkalla dagsturhytter skal etter kvart byggjast opp i alle kommunane i Sogn og Fjordane. I kva kommune vart den først dagsturhytta i fylket opna for nokre veker sidan?
  10. Ein utflytta naustedøl vart i haust valt inn på Stortinget for Senterpartiet i Akershus. Kva heiter han til etternamn?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!