Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 25. desember

Freistar det å trimme dei små grå? Då kan du gjere det i lag med oss. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag.

Julequiz
Foto: Ole Dag Auflem/Viki Johnsen/Naglestad/Dalaker/NRK/Kleiven/Andersdotter Vevle/Stølen/Blaalid Oldeide

Spørsmåla i quizen er ei lett blanding, der storparten av det er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Finn fram penn og papir og du er klar. Noter ned den første bokstaven i svaret ditt, og alle bokstavane blir til dagens løysingsord. Det sender du inn i svarboksen som du finn nedst på denne sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Den heldige får ein NRK-sekk med litt godis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av jula og romjula, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. I over 50 år har Kristin Sønnerheim arbeidd for Aurlandsdalen som turistmål, og i haust vart ho heidra med fylkeskulturprisen. Kva kallenamn har Sønnerheim fått?
  2. Lærdalselvi vart i haust offisielt friskmeldt. I kombinasjon med små mengder rotenon har eit anna stoff teke knekken på lakseparasitten, men ikkje på fisken. Kva stoff er det snakk om?
  3. Har folketalet i Hornindal gått opp eller ned etter opninga av Kvivsvegen for fem år sidan?
  4. Rockfestivalen Malakoff på Eid feira 15 år i år. Kva heiter artisten som fekk æra av å starte årets festival?
  5. Fotballspelaren frå fylket spelar i vinter for australske Canberra United. Vi vil ha førenamnet på spelaren.
  6. Fjaler kommune fekk dette herskapshuset i gåve i 1968. I haust selde dei eigedommen for berre 200.000 kroner. Kva heiter det historiske bygget?
  7. Kva viktig sentral vart i haust flytte frå Florø til Bergen?
  8. Kven er det som tek over som idrettssjef i skiskyttarforbundet etter OL neste år? Vi vil ha førenamnet.
  9. Kor mange kommunar er det i nabofylket vårt Hordaland? Skriv svaret med bokstavar.
  10. Stjerneregissør Harald Zwart sin film "Den 12. mann" går på kino i jula. I filmen spelar broren hans, Alexander frå Lærdal, ei av rollene. Alexander har også etternamnet Zwart, men han har også eit mellomnamn. Kva er det?
  11. Kor mange kommunar i Sogn og Fjordane har i dag kvinneleg ordførar? Skriv svaret med bokstavar.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!