Hopp til innhold

Duka for musikalsk førjulsgalla

Det er klart for den store musikkopplevinga før jul. Har du ikkje billett, kan du fylgje JuleLutt på nett!

Stein Jarle Aase og Stian Sjursen Takle

Konferansierar Stein Jarle Aase og Stian Sjursen Takle skal by på musikalske godbitar frå godteposen under JuleLutt 2010.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

– Det er heilt utruleg at alle desse travle og aktuelle artistane lèt seg samle. I tillegg har dei øvd inn låtene til kvarandre, seier Stein Jarle Aase entusiastisk.

Saman med Stian Sjursen Takle skal han vera konferansier under JuleLutt 2010.

NRK Sogn og Fjordane har samla Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Håvard Lothe og Eva Weel Skram til eit fylkesband under årets JuleLutt.

Dei to programleiarane frå NRK Sogn og Fjordane har store forventingar til musikkgallaen på Operahuset Nordfjord i helga.

– Det blir flotte artistar, fint show og god lyd. I tillegg skal vi dele ut Luttprisen 2010, seier Sjursen Takle.

Luttprisen 2010

Luttprisen kunstdiplom

Kunstdiplomet laga av Oddvar Torsheim.

Foto: Kunstdiplom

Nesten 17 000 røyster kom inn til kåringa av Luttprisen 2010. Desse røystene og ein fagjury avgjer kva for artist som stikk av med den gilde prisen.

– Vinnaren får eit kunstdiplom til verdi av 25 000 kroner. Og sjølvsagt heider og ære, fortel Aase. Kunstdiplomet er laga av Oddvar Torsheim.

Det beste fylket har å by på

Oddvar Torsheim bidreg ikkje berre med kunstdiplom. Han er også ein av artistane under konserten laurdag. Da blir det urframføring av Solveigs aller siste song til sin EX .

Odd-Erik Lothe tek med seg korpset frå heimbygda for å framføre sin nye julesong. Det er ei låt som hamnar på A-lista til NRK P1 rett over helga, og som derfor vil bli spelt mykje før jul.

I tillegg har ein fått i stand eit fylkesband. Med medlemmane Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram (frå Eva & The Heartmaker), Olav Stedje og Håvard Lothe burde det musikalske liggje i trygge hender.

– Medlemmane i fylkesbandet har teke seg tid til å øve inn låtene til kvarandre. Kjende songar dukke opp i versjonar ingen har høyrt før, seier Aase spent.

Vil koma under huda

– Musikken til artistane er på radioen heile tida, men vi vil koma litt tettare på personane også, forklarer Sjursen Takle.

Mellom innslaga vil det bli prat med musikarane. Dessutan blir kvelden krydra musikalsk med unge talent frå distriktet.

Sjå konserten direkte

Julelutt 2010 - plakat 2

JuleLutt 2010 blir overført direkte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Laurdag 27. november klokka 18-20.

Billettane til JuleLutt 2010 har vore utselde lenge. Det er likevel mogleg å få med seg konserten.

nrk.no/sf blir det nemleg overføring direkte på nett-tv laurdag 27. november klokka 18 - 20.

I tillegg kan ein høyre opptak på NRK P1 måndag 29. november mellom 11 og 13.

– Vi har arrangert JuleLutt fire gongar før, men det er fyrste gong vi lagar galla. Tidlegare har vi rigga opp provisoriske scener og oppsøkt folk. I år satsar vi større. Alt ligg til rette for ein uforgløymeleg kveld, avsluttar Stian Sjursen Takle.