Hopp til innhold

Julehandelen har flata ut

FØRDE (NRK): Åra med stor auke i julehandelen ser ut til å vere over, syner tal frå dei største kjøpesentera i Sogn og Fjordane.

Elvetorget i Førde - julehandel

HANDEL OM LAG SOM I FJOR: Elvetorget i Førde hadde ein liten auke i julehandelen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein svak auke frå i fjor eller status quo er inntrykket, med unnatak av Amfi Nordfjord på Nordfjordeid, der talet på butikkar har auka kraftig sidan i fjor og dermed også omsetnaden. Amfi Florø skil seg og ut med bra auke.

Dei to store handelshusa i Førde, Amfi Førde og Elvetorget, melder om ein liten vekst frå 2015. Førde Amfi har omsett for 114 millionar frå 15. november til julaftan, seier senterleiar Mariann Njøsen.

Burger King har trekt fleire

Mariann Njøsen

LITEN AUKE: Senterleiar Mariann Njøsen på Amfi Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Året starta veldig bra, så stagnerte det, men etter nattope og Black Friday i november tok det seg opp, så eg synest det har gått bra. Det ser ut til at vi har ein auke på ein prosent frå i fjor.

Amfi Førde fekk draghjelp i tida før jul av at Burger King etablerte seg i senteret.

– Det har gitt bra utslag, dei har hatt fulle hus sidan dei opna, og det som er gledeleg er at dei andre matplassane også har hatt auka besøk. Eg trur det er med på å trekkje meir folk til Førde, seier Njøsen.

Trur ikkje bomringen vil hindre handel

På andre sida av gata kan senterleiar Anne Karin Steen på Elvetorget melde om liknande tendens.

Anne Karin Steen

– UTFLATING: Senterleiar Anne Karin Steen på Elvetorget i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Samla sett er det ein liten auke frå i fjor når vi tek med oss november med nattope og Black Friday. Det har nok vore ei utflating i handelen dei siste åra, det kan hende at fleire handlar på nett, dessverre.

For Førde sin del kan innføringa av bompengar i haust også ha lagt ein liten dempar på handelen. Men Anne Karin Steen trur ikkje det får så mykje å seie på lengre sikt.

– På nivå med fjoråret

Wilhelm Tangerud er senterleiar på Amfi Sogningen i Sogndal. Han seier at dei ser ei utflating i juleomsetnaden.

– Etter nokre år med god auke ser det ut til at julehandelen i år er på same nivået som i fjor. Vi ser ut til å hamne på 95 millionar kroner frå 15. november til julaftan. Vi har hatt fleire kundar, men kvar einskild kunde har handla for litt mindre enn i fjor.

Wilhelm Tangerud

ENDRA MØNSTER: Senterleiar Wilhelm Tangerud på Amfi Sogningen i Sogndal ser at mykje av julehandelen skjer i november, på Black Friday.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Julehandelen utgjer om lag 20 prosent av årsomsetnaden til Amfi Sogningen. For året under eitt ser det ut til at senteret får ein auke på 12 millionar til vel 570 millionar i omsetnad.

Færre nordfjordingar på sognetur

Tangerud har i år merka seg at det har vore fleire sunnfjordingar som har teke handelen i Sogndal. Derimot har det vore færre frå Nordfjord.

– Det kjem nok av at dei har fått eit nytt, flott kjøpesenter på Nordfjordeid, seier han.

Og senterleiar Gro Gjerdevik på Amfi Nordfjord på Nordfjordeid kan rapportere om svært gode tal.

Gro Gjerdevik

– HAR STANSA HANDELSLEKKASJE: Senterleiar Gro Gjerdevik på Amfi Nordfjord.

Foto: privat

– Julehandelen har vore fantastisk hyggeleg. Vi har hatt fin vekst, mykje fordi vi har auka talet på butikkar. Men ein vekst på 147 prosent er meir enn vi hadde drøymt om. Også dei butikkane som har vore på senteret heile tida har hatt nokre prosents auke.

– Færre reiser til Sunnmøre

– Korleis forklarar du denne veksten?

– Mange som tidlegare køyrde til Sunnmøre for å ta julehandelen har i år stansa på Nordfjordeid. Fleire seier at dei er glade dei slepp å ta turen over fylkesgrensa.

Også for året under eitt har Gro Gjerdevik gode tal.

– Vi ligg an til 150 prosent auke, og blir det bra handel dei siste dagane av 2016 passerer vi eit magisk tal, 200 millionar kroner i omsetnad.

Til samanlikning har både Amfi Sogningen og Amfi Førde ein årsomsetnad på rundt 570 millionar kroner kvar, medan Elvetorget i Førde ligg på rundt 430 millionar.

Rolf Arne Rognaldsen

BRA AUKE: Senterleiar Rolf Arne Rognaldsen på Amfi Florø.

Foto: privat

– Florøfolk handlar meir i Florø

Amfi Florø er og eit unnatak frå trenden med utflating av julehandelen. Senterleiar Rolf Arne Rognaldsen kan fortelje om ein auke i omsetnaden på vel ti prosent for perioden frå midten i november fram til jul, samanlikna med fjoråret.

– Vi har eit inntrykk av at folk i Florø er blitt flinkare til å handle lokalt. Så vi er bra nøgde og synest vi har gjort det godt.

Florø Amfi har hatt ein samla omsetnad til no i år på 194 millionar kroner.