Hopp til innhold

Nordmenn brukte nærare 100 milliardar på julehandelen i år

Trass prisauke gjekk årets julehandel betre enn frykta for bransjen. – Mange forbrukarar kan få seg ein kalddusj på nyåret, spår økonom.

Kari Anne Trefall

TRAVELT: Kari Anne Trefall er ein av mange butikkmedarbeidarar som har hatt det travelt i juletida.

Foto: Brynjar Mangor Osgjerd / NRK

– Det har vore travelt, men veldig kjekt.

Kari Anne Trefall er i full jobb på Noregs største kjøpesenter, Lagunen i Bergen.

Her har det vore fleire hundre tusen besøkande innom vekene før jul. I dag er dei fleste innom for å bytte julegåvene dei fekk julaftan.

For sjølv om hausten har vore prega av høgare prisar og fleire rentehevingar, har nordmenn brukt milliardar på julegåver.

Faktisk handla me for 97 milliardar kroner til jul i år, ifølge det nasjonale betalingssystemet BankAxept. Det er 6 milliardar meir enn i normalåret 2019.

Personar i kø

Det var mange som måtte bytte gåver tredje juledag i år. Her frå Lagunen i Bergen.

Foto: Brynjar Mangor Osgjerd / NRK

Frykta nedgang, men er tilbake til normalen

– Årets julehandel har gått bra, og betre enn mange frykta. Me er meir tilbake til normalen, seier Jarle Hammerstad i bransjeorganisasjonen Virke.

Sjølv om me brukte nærare 100 milliardar på julehandelen i år er det mindre enn i 2021 og 2020.

– Det var pandemiår med spesiell høg julehandel. I forhold til normalåret 2019 har det kanskje vore litt betre i år, meiner Hammerstad.

Leder for bransjepolitikk i Virke, Jarle Hammerstad på Oslo City

Jarle Hammerstad er leiar for bransjepolitikk i Virke. Han er nøgd med årets julehandel.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Vanskeleg å endre dyre vanar

Spare- og forbrukarøkonom i Storebrand, Cecilie Tvetenstrand, meiner mange har som vane å bruke mykje pengar rundt jul.

– Me har gått frå ein periode der me har hatt veldig god råd. Då er det lett å få dyre vanar. Og vanar er vonde å vende.

Ho meiner mange trur at dei kuttar meir enn dei faktisk gjere.

– Eg trur mange forbrukarar kan få seg ein kalddusj på nyåret når renteauka verkeleg slår til. Me har ikkje sett den fulle effekten av dette enno, seier ho.

Portrettbilde av Cecilie Tvetenstrand, sittende framoverlent med hendene godt plantet på bordet. Hun har på seg rød genser og har langt brunt hår.

Forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand trur mange kan få seg ein kalddusj på nyåret.

Foto: Lise Eide Risanger

Firbeinte fekk mest

Dei store gåvevinnarane var våre firbeinte vener.

Dyrebutikkane hadde 3,4 prosent høgare omsetnad i år enn i fjor, og heile 45 prosent meir enn i 2019.

Generelt i julehandelen brukte me mest pengar på mat og drikke.

Nesten halvparten av dei nærare 100 milliardane gjekk til ribbe, pinnekjøtt og andre mat- og drikkevarer.

Miss Pixie Marvel med byttet sitt

Miss Pixie Marvel og andre dyr var dei store gåvevinnarane i år. Dette bilete er frå i fjor, då Miss Pixie Marvel jakta på julekuler.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Ikkje flaut å bytte gåva

Sjølv om me har brukt milliardar på gåver til venner og familie, er det mange som ser seg nøydd til å bytte gåvene dei har fått.

Tredje juledag har tradisjonelt sett vore den store bytedagen etter jul. Det er nok fordi mange vil bytte gåva før fristen går ut.

Thomas Iversen Forbrukerrådet

Thomas Iversen i Forbrukarrådet meiner det ikkje bør vera flaut å fortelje at ein må bytte gåva ein fekk.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Seniorrådgjevar og jurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier til NTB at ein må bytte gåva så fort som mogleg.

– Fristen for å bytte varierer frå butikk til butikk. Har du fått med ein bytelapp, kan du enkelt sjekke kor lang byttefrist du har.

Om du ikkje fekk med bytelapp, rår Iversen deg å høyre med den som gav deg gåva.

– Eg håpar ingen syns det er flaut å seie at ting ikkje passar. Det må vera greitt å seie at noko ikkje falt i smak, seier han.

Når du veit kor gåva er kjøpt, kan du dra til den aktuelle butikken i romjula og forklare situasjonen.

Er gåva kjøpt på nett, må ein levere det tilbake innan 14 dagar frå vara kom til kjøparen. Om fristen er gått ut, kan ein likevel ta kontakt med nettbutikken, seier Iversen.