Hopp til innhold

Hekla julegåve til veninna - gjekk heilt til finalen

Åshild Amdam (16) frå Selje vart overtalt til å bli med, i dag gjekk ho vidare til landsfinalen i Ungdomens kulturmønstring.

Julegåva gjekk vidare

GJEKK VIDARE: For Åshild Amdam (t.v.) var det åtte månader med hardt arbeid, for Aurora Austring var det ei gåve ho hadde ønskt seg i lang tid. I dag gjekk lappeteppet vidare til landsfinalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg tvang ho nesten til å melde seg på, for det var så fint at det måtte visast fram, seier Aurora Austring (16), som fekk lappeteppet av venninna til jul i fjor.

I videoen under kan du høyre Amdam og to andre deltakarar fortelje om kunsten dei har laga.

(Artikkelen held fram under videoen)

Høyr kva deltakarane på UKM i Førde tenkte då dei laga kunstverka sine.

TANKANE BAK: Her kan du høyre tre deltakarar på Ungdomens kulturmønstring fortelje om kunstverka sine.

Spesielt å sjå teppet utstilt

Teppet består av 360 lappar og tok åtte månader å lage.

– Eg ville eigentleg ha det veldig mykje større, men så fant eg ut at tok det veldig lang tid. Ho skulle eigentleg få det til bursdagen i november, men eg vart ikkje ferdig. Når det byrja å nærme seg jul måtte eg berre runde av, seier Amdam.

– Er du ein person som likar å ta fatt på store prosjekt?

– Det er kjekt å faktisk bli ferdig med noko sånt. Men eg hadde aldri gidda å lage det ferdig, viss det ikkje var ei julegåve. Ho venninna mi har ønska seg eit slikt teppe veldig lenge, seier Åshild Amdam.

Aurora Austring var nesten like glad som veninna, då det vart avgjort at lappeteppet hadde gått gjennom nålauge til dommarane.

– Korleis er det å sjå julegåva di henge på veggen her i Førde?

– Det er litt spesielt, for det er ei veldig personleg gåve. Ho lagde det til meg og har brukt veldig lang tid på det. Eg vart veldig glad då eg fekk høyre at ho hadde gått vidare, seier ho.

Eit lite nålauge

Over 70 forskjellige kunstverk hadde gått vidare til fylkesmønstringa i Førde. Av dei vart fire trekt ut til landsfinalen i Trondheim i sommar.

Den fullstendige lista over deltakarane som gjekk vidare, både frå scena og utstillinga, vert truleg offentleggjort seinare i kveld.

I Førde var det stilt ut alt frå skulpturar, måleri, teikningar, foto, dikt, handverkskunst, og – ei kokebok!