Hopp til innhold

Julegåve frå Mohn til Svelgen

Bergensaren Trond Mohn er kjend som ein gåvmild herremann. No yter han ein skjerv til Svelgen stadion.

Svelgen stadion
Foto: Arild Nybø / NRK

Svelgen Turn & Idrettsforening skal oppgradere stadionanlegget for til saman 6,4 millionar kroner.

To millionar

Trond Mohn
Foto: NRK

Trond Mohn vil gje to millionar kroner til prosjektet, og det kjem nok godt med, for den Terra-råka Bremanger kommune har ikkje mykje å bidra med.

Gåver, dugnad og lån

I tillegg får idrettslaget 400.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Saman med andre gåver, dugnad og lån har idrettslaget nok til å sette i gang arbeidet.

Bremanger kommunestyre har vedteke at kommunen skal stå som byggherre for prosjektet. Dette må til for at idrettslaget skal kunne få spelemidlar, skriv Fjordenes Tidende.