Hopp til innhold

Jublar over heving

Ein lang kamp for kystfolket er krona med ein viktig siger, seier ordføraren i Gulen etter at ubåten ved Fedje blir heva.

Trude Brosvik
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Torsdag bestemte Fiskeridepartementet at ubåt-vraket ved Fedje skal hevast .

Ordførar i Gulen Trude Brosvik, meiner heile kysten bør juble over avgjerda.

- Kjempegledeleg

- Dette er kjempegledeleg for heile Vestlandskysten og meir enn det, seier Brosvik

Ubåten på havbotnen ved Fedje har 65 tonn kvikksølv om bord og representerer dermed eit stort forureiningsproblem. Frykt for kvikksølvlekasje frå vraket har skapt mykje frustrasjon blant innbyggjarane både i Fedje og Gulen.

Kystverket konkluderte i haust med det beste var å dekke til vraket på havbotnen, men dette ville ikkje folket godta.

- Viss ubåten berre vart tildekka, var vi redd han ville leke, seier Brosvik.

Feiring i Gulen

U-864
Foto: Geoconsult/Kystverket

Prislappen for å få opp uvraket og dekkje til havbotn er på 1 milliard kroner, og hevinga kan først skje i 2010. Sjølv om enkelte meiner heving er risikofylt, er ikkje Brosvik nervøs

- Etter alt det Noreg har klart på havbotn langt til havs, trur eg ein klarer å finne gode løysingar på dette, seier ho.

I går starta feringa i Gulen

- Eg har allereie fått fleire meldingar frå glade folk, seier Brosvik.