Hopp til innhold

Jublar over gode søkjartal

Talet på studentar som søkjer seg til Høgskulen i Sogn og Fjordane har auka med heile 50 prosent sidan i fjor.

Høgskulen i Sogn og Fjordane
Foto: Steinar Lote/NRK

Sidan 2006 har det vore ein svak nedgang i talet på søkjarar til skulen, men i år har trenden snudd.

Fleire studerer i nedgangstider

I fjor var det 689 som hadde skulen på førsteval. Men nedgangstidene ser ut til å ha fått fleire til å studere. Tal frå samordna opptak viser at på landsplan er det 12 prosent fleire som søkjer seg til høgare utdanning i år enn i fjor. Og det merkast også godt i Sogn og Fjordane. I år er det 1030 som har skulen som førsteval til hausten.

Feiring på høgskulen

Undervisningsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Terje Bjelle, er kjempenøgd med tala.

- Vi har venta ein stund på at det skulle bli endringar i trendane, men at det skulle bli så kraftig hadde ikkje vi forventa. No blir det flaggheising, og feiring med kake.

Bjelle seier at styrka rekruttering er nummer ein for skular som er lokaliserte på mindre plassar.

- Vi har hatt ein del tunge år der studentane har gått mot dei større byane. Så større rekruttering er det viktigaste for oss.

Størst auke på lærarutdanninga

Elever i klasserom - Illustrasjon
Foto: NRK

Ein del av årsaka til at fleire søkjer seg til Høgskulen i Sogn og Fjordane er at det over heile landet er 12-13 prosent fleire som søker seg til høgare utdanning. Ut over det har ikkje Bjelle ein enkelt forklaring på auken. Og den studieretninga som har størst auke er lærarutdanninga.

- Størst auke er det på førskulelærarutdanninga. Der er det meir enn dobbelt så mange søkarar som vi hadde i fjor. På allmennlærar er det også bortimot dobbelt så mange søkarar. Det er enormt mykje for oss, men også i forhold til resten av landet. På landsplan er det 30 prosent fleire søkarar på allmennlærar, seier Bjelle.

Garderer seg

Undervisningsdirektøren trur ein meir usikker arbeidsmarknad gjer at fleire garderar seg.

- Trenden er at i usikre tider søker fleire seg inn på utdanningar som går mot offentleg sektor, seier han.