Hopp til innhold

Jublar for skjenkestopp for strippeklubb

Kvinnegruppa Ottar feirar at bergenspolitikarane går inn for å ta skjenkeløyvet frå strippeklubben i Bergen. – Rein moralisme, meiner høgresida.

Sunniva Schultze-Florey, Kvinnegruppa Ottar

JUBLAR: Sunniva Schultze-Florey frå Kvinnegruppa Ottar feirar vedtaket om å nekta strippeklubbar å skjenka alkohol. Vedtaket splittar bystyret i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Etter ein heftig politisk debatt, gjekk eit splitta bystyre i Bergen onsdag inn for å nekta uteplassar som driv med topplausservering og stripping å servera alkohol.

40 av dei 67 bystyrerepresentantane støtta forslaget frå Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og SV.

– Dette er ein stor dag for kvinnerørsla i Bergen, seier Sunniva Schultze-Florey frå kvinnegruppa Ottar, som følgde debatten frå galleriet i bystyresalen.

Spørsmålet har splitta byrådet i Bergen. Medan Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti har gått inn for å nekta strippeklubben forlenga skjenkeløyve, er det tredje byrådspartiet Venstre kritiske.

Det gis ikke bevilling til steder som har stripping, toppløsservering og lignende som del av underholdningstilbudet/driftskonsept.

Vedtak i Bergen bystyre

– Maktmisbruk

Også bystyret er òg delt, noko som kom tydeleg fram i den lange debatten i bystyresalen.

– Dette handlar ikkje om likestilling. Dette handlar om at fleirtalet i bystyret er så overtydde om at det dei likar er det einaste rette. Eg meiner dei misbrukar makta dei har fått, tora Hanna Atic (H) frå talarstolen i bystyret,

– Det er ingen i denne salen som vert plaga at eit enkelt lokale i Bergen tilbyr stripping, sa Jakob Mæhle frå same parti.

– Me ser på dette som ein siger for kvinnerørsla, som har stått på og kjempa mot stripping. Dette handlar om kva by me ønskjer, sa Mikkel Gruner (SV).

  • Les også: – Han har ikkje noko bodskap å koma med
    Bystyret i Bergen

    DEBATT: Det var mange som hadde ei meining i saka om ein skulle nekta strippeklubbar skjenkeløyve i bystyret i Bergen i dag. Til slutt landa dei på skjenkestopp.

    Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Kroken på døra?

Vedtaket gjeld i realiteten ein enkelt uteplass i byen; strippeklubben After dark.

– I botn her ligg det her ein moralisme. Sidan starten av 2010 har venstresida drive med feilinformasjon, sa Geir Karlsen som driv After dark, til NRK då helsekomiteen i bystyret drøfta saka tidlegare i juni.

På spørsmål frå NRK om han no må stenga dørene var han ikkje heilt bastant.

– Det veit me ikkje. Men det ser litt mørkt ut akkurat no, sa Karlsen.

Strippeklubben har ikkje fått ein einaste prikk på alkoholrullebladet sitt sidan 2012. Den gongen var det snakk om eit mindre alvorleg brot på skjenkereglane.

Geir Karlsen

Eigar av strippeklubben After Dark, Geir Karlsen.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Ikkje moralisme

Sandnes kommune har tidlegare gjort eit liknande vedtak, som har vorte prøvd for Gulating lagmannsrett. Retten fann ikkje noko å utsetja på kommunen si tolking av lovverket.

Kvinnegruppa Ottar går ikkje med på at kampen mot strippeklubben dreiar seg om moralisme.

– Det er ikkje moralisme i den forstand at me meiner det her er feil eller ei synd. Det handlar om at me meiner det ikkje er rett at du skal kunna kjøpa deg tilgang på kroppen til eit anna menneske, seier Schultze-Florey.