Hopp til innhold

Jubla for «storebror» i cupen

Det blir reprise av cupfinalen 1976 når Sogndal møter Brann i fjerde runde av årets NM i fotball.

Sogndal - Lillestrøm

BRANN: Vegar Gjermundstad og Sogndal må 'sløkkje' Brann for å ta seg vidare til femte runde i cupen.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Det vart klart under trekninga på Ullevaal stadion. Sogndal vart trekt først opp som lag i den sjuande kvartfinalen, og då motstandaren vart Brann, steig jubelen hos spelarane som var samla for å følgje trekninga.

– No var det berre to adeccoligalag i trekninga, og då er det ingen enkle motstandarar sjølv om ein får kampen på heimebane. Det vart god stemning her i leiren då vi fekk lest opp storebror, fortel dagleg leiar, Egil B. Mundal, i Sogndal Fotball.

Reprise frå 1976

Cupoppgjeret, som truleg går i Bergen 22. juni, blir ein reprise på cupfinalen frå 1976. Då vann Brann 2–1 mot oskeladden frå saftbygda. Sogndal spelte då på tredje nivå i norsk fotball.

Sogndal har møtt Brann fem gonger i cupsamanheng. Sist i 1984 då bergensarane vann tredjerundeoppgjeret med 6–3 på Brann stadion. Sogndølene har aldri slått Brann i cupen.

– Brann var kanskje det næraste ein kunne komme ein favorittmotstandar. Oppgjera mellom Brann og Sogndal er alltid spanande og lev sine eigne liv, seier Mundal.

Håpar på heimekamp

Egil B. Mundal på Fosshaugane

JUBLA: Egil B. Mundal fortel sogndalspelarane jubla då Brann vart trekt som motstandar i cupen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal tok seg i fjor til kvartfinalen i cupen, der det vart cupexit mot dåverande 1. divisjonskollega Follo . Skal Sogndal ta seg vidare til femte runde i cupen, må dei altså på vegen att ifølgje Dag Vestlund i NFF.

På dei tre første rundane har Sogndal reist 360 kilometer til oppgjer i Førde og Fyllingsdalen, medan dei onsdag tukta Asker på heimebane. Brann har på si side reist 41,5 kilometer i samband med cupen.

Mundal håpar i det lengste at Sogndal får heimeoppgjer mot Brann.

– Vi har hatt heimekamp, det har ikkje Brann. Truleg blir det bortekamp, men det er førebels ikkje bestemt. Så då skal vi gjere det vi kan for å få eit best mogleg utgangspunkt for oss sjølve, seier Mundal.

Kamp i kampen

– Har NFF bestemt seg for at kampen blir i Bergen, så blir den i Bergen, konstaterer Mundal.

Lars Grorud

I BRANN: Lars Grorud gjekk i vinter frå Sogndal til Brann.

Foto: Scanpix

Dei to klubbane utveksla før årets sesong spelarar. Medan keeper Piotr Leciejewski og kaptein Lars Grorud pakka sakene og reiste til Bergen, kom keeper Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen andre vegen.

– Det blir ein kamp i kampen det også. Det blir hyggjeleg før, og forhåpentlegvis hyggjeleg for oss etterpå. Under kampen er det same kva namn som står på ryggen. Då skal vi gjere det vi kan for å ta Brann, seier Mundal om å møte Grorud og Leciejewski att i cupsamanheng.