Hopp til innhold

Feirar 100 år – set kursen mot gamle trakter

Bergens stoltheit, Statsraad Lehmkuhl er 100 år og feirar med jubileumstokt. Seglturen går til fødestaden i Tyskland.

Bergens stoltheit, Statsraad Lehmkuhl er 100 år og feirar med jubileumstokt. Seglturen går til fødestaden i Tyskland.

SJÅ VIDEO: Det kjente seglskipet er pussa opp for fire millionar kroner og feirar 100-årsjubileet med seglturen mot gamle heimtrakter. Videojournalist: Tim Wassmo.

Marcus Seidl

KLAR FOR TOKT: Klokka 14.00 laurdag set kaptein Marcus Seidl og resten av mannskapet kursen mot Tyskland.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Skipet «Statsraad Lehmkuhl» er klar for jubileumstokt. Og stoltheiten står fram like praktfull som for hundre år sidan. I vinter vart skipet pussa opp for fire millionar kroner.

– All den teaken du ser har er blitt fullstendig pussa opp, seier kaptein Marcus Seidl medan han syner NRK rundt på dekket.

– Dei som ser Statsraad Lehmkuhl må sjå ho som eit prakteksempel av eit gammalt seglskip.

Seglar til Tyskland

I år fyller skipet 100 år. Jubileet vert feira med eit segltur til fødestaden Bremerhaven i Tyskland, der skipet stod ferdig i 1914. Ti år seinare kom skipet til Norge og har vore skuleskip i Bergen sidan den gong.

Og det er ikkje berre heime i Norge at Statsraaden er kjent. I fjor seila skipet og mannskapet seg inn i verdshistoria, med førsteplass i Tall Ships Races.

Sjølv om skipet er frå eit anna hundreår, er Statsraaden lasta med moderne utstyr.

– Her ser vi at styrmennene har vore inne og planlag toktet ned til Tyskland, seier kapteinen og peikar på dei ulike skjermane i styrhuset.

Men om alt skulle gå skeis med teknikken, har dei også på plass godt gammalt utstyr som til dømes sekstanten.

– Vi skal nok finne vegen uansett.

– Der går grensa

Det blir ingen offisielle representantar frå Bergen med på turen. For det er ikkje berre uro i byrådet som kan gjera ein ordførar sjøsjuk.

– No gjer vi kva som helst, når som helst, for Statsraad Lehmkuhl. Men å reise til sjøs med seglskip, det gjer eg ikkje frivillig. beklagar, der er grensa nådd ler ordførar i Bergen, Trude Drevland.

– Tilbodet vårt står ved lag, og skipet legg frå kai laurdag klokka 14.00. Det er framleis tid til å ombestemme seg, smiler kaptein Seidl.