Jubileumsfeiring for landslova i Bergen
Den 21. mai neste år blir det formell opning av 750 års jubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Feiringa skal skje i Bergen og Kongehuset er invitert. Det blir mellom anna jubileumsmiddag i Håkonshallen.
Neste år er det 750 år sidan Magnus Lagabøte si landslov vart ferdigstilt i Bergen, for så å bli vedteken på dei fire lagtinga i riket. Dette var den tredje riksdekkande lova i Europa.
Ein viktig del av jubileet er ei utstilling av landslova på Bryggens Museum. Det blir også ulike seminar om kristenretten og landslova.
Vestland fylkeskommune står bak jubileet saman med Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Statsforvaltaren i Vestland, Bryggens Museum og Bjørgvin bispedøme.