Hopp til innhold

Jubelhornet for fyrste gong på plate

På grunn av opphavsrettar har visegruppa aldri fått gi ut musikken sin før. I går kom ein konsert frå 1995 på CD.

Tom Karlsrud og Andreas Ramstad

OVERREKKJING: Tom Karlsrud har køyrt kassane med CD-ar til Svidalsneset for å møte Ramstad.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Eg må seie at eg er litt spent. Det er jo litt stort for oss at vi skal gi ut ein CD. Drivkrafta mi for å få dette i gang, er at eg vil at det skal finnast eit minne frå tida med Jubelhornet, sier Andreas Ramstad.

74-åringen syng og spelar trekkspel i gruppa, som har laga musikk basert på Jakob Sande sine tekstar. No sit han i bilen på veg mot Svidalsneset i Jølster, kor han skal plukke opp dei nye CD-ane.

– Tidlegare har det vore vanskeleg å få løyve til å gi ut musikken, men i fjor fekk vi lov av Sande sine etterkommarar, fortel Ramstad.

Tok opp lyd utan at bandet visste om det

CD-en er laga av opptak frå ein konsert på Sandane i 1995. Lydmannen, Ivar Rønnekleiv, gjorde opptak av konserten utan at gruppa visste om det.

– Dette heldt han for seg sjølv ganske lenge, men ein vakker dag brente han ut ein CD av det, og det er faktisk ein slik CD som no har blitt masseprodusert, seier Ramstad.

Ramstad i bilen

ENDELEG: - Eg har vore med i Jubelhornet i mange, mange år, og no skal vi endeleg få gi ut ein CD med musikk vi har produsert, seier Ramstad.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Endeleg får han halde Jubelhornet i hendene

På Svidalsneset stå ein varebil og ventar. I bagasjerommet står fire kassar med CD-ar, og Ramstad får raskt sjå ein av kopiane.

– Der har vi han. Den var vel flott, seier Ramstad.

Eva Meyer, ein kunstnar busett i Dale, har illustrert framsida. Ramstad fortel at biletet viser Sande-tunet. På baksida har ho måla ein båt.

Andreas Ramstad ser på albumkunsten for fyrste gong

FORNØGD: Familien til Ramstad har sterke mistankar om kva julegåvene i år kjem til å innehalde, fortel Ramstad.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

–Til å byrje med var det ein plastbåt, men då gjorde eg innvendingar. Det må jo vere ein skikkeleg trebåt. Den her er fin, seier Ramstad fornøgd.

– Skal du feire?

– Vi får vel ta det med vit. Noko storfeiring trur eg ikkje det blir, men det er no likevel ein høgtidsdag, seier Ramstad.

Jubelhornet si fyrste musikkutgjeving

HANDFAST: Slik ser omslaget ut.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Han opnar CD-omslaget, og tar ut heftet som følgjer med. Der står det små tekstar om låtane, som Ramstad sjølv har formulert.

– Det var Jan (Haugen, journ.anm) som sa eg skulle gjere det. Eg er slik skapt at eg gjer det dei seier eg skal. Og det har brakt meg hit, seier Ramstad og ler.