Difor føreset departementet at Statens vegvesen no arbeider vidare for å avklare standard og kostnader. Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel seier han er svært glad for at Kvivsvegen i heile teke er nemnd i planen.
Bjørn Lødemel
-Eg er svært spent på formuleringane i planen, men sånn som det høyrest ut no er dette berre velstand, seier Lødemel, som legg til at forkjemparane no vil stå på for å få ei bompengefinansiering og dermed ei kjappare gjennomføring av prosjektet.
-Håpet vårt har vore å få til ein byggjestart i år 2003, og vi er ikkje mindre optimistar etter dette.
Også ordførar Kristen Hundeide i nabokommunen Eid er fornøgd med planen. Det er sett av pengar til det departementet karakteriserer som "ei nøktern opprusting" av Stigedalen. Dette skal skje i første del av ti-årsperioden.