Jubel for pengar til storsatsingar

Regjeringa lovar oppstart av både Kunst- og designhøgskulen og aulaen til Universitetet i Bergen. Utløyser over 1,3 milliardar til Bergen.

Lovar oppstart av Kunst- og designhøgskolen og Universitetsaulaen

PENGAR TIL OPPSTART: I Revidert nasjonalbudsjett lovar Regjeringa oppstart av både nybygget til Kunst- og designhøgskolen og aulaen ved Universitetet i Bergen.

Foto: Statsbygg / Universitetet i Bergen

lysbakken klapper landsmøtet

HEIMBYEN: Audun Lysbakken er glad for pengar til to storsatsingar i Bergen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
bergen kunsthøgskole skisse

vengje: Den mykje diskuterte vengja, som Snøhetta vann arkitektkonkurransen med, er ikkje lenger ein del av nybygget.

Foto: Illustrasjon: Snøhetta

– Det er ein stor dag for Bergen, seier SV-leiar Audun Lysbakken. Dagen før revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram kan stortingsrepresentanten lova oppstart av to storsatsingar i heimbyen.

Kunst- og designhøgskolen og opprustinga av Universitetsmuseet i Bergen vil kosta over 1,3 milliardar. I revidert nasjonalbudsjett, som vert lagt fram tysdag, kjem startløyvinga på 15 og 20 millionar kroner til dei to prosjekta.

Begge prosjekta kan startast opp i 2013.

Ørkenvandringa slutt

Det største løftet er nybygget til Kunst- og designhøgskolen. Dei 17 åra, etter at Kunnskapsdepartementet lova nytt bygg, har arta seg som reine ørkenvandringa for forkjemparane.

I 2005 vann Snøhetta arkitektkonkurransen. Men den karakteristiske vengja på taket strekte seg ut over tomta, og bygget måtte endrast. Når bygget no skal reisast er vengja heilt borte, mellom anna for å senka byggekostnadene.

– Eg forstår godt at mange har vore utålmodige. Det har vorte bygd mange statlege bygg i Bergen dei siste åra. No er pengane der, og det skjer heldigvis i tide for å unngå nye komplikasjonar, seier Lysbakken.

Sjølv om bygget ser heilt annleis ut enn prosjektet som vann arkitektkonkurransen, er SV-leiaren overtydd om at Bergen får eit signalbygg.

– Dette vert eit praktbygg. Det er teikna av Snøhetta og er funksjonelt for skulen sine behov. Det vert eit bygg som kjem til å skilja seg ut og får nokon fantastiske uteareal. Det er eit viktig kulturprosjekt, eit viktig kunnskapsprosjekt og eit viktig byutviklingsprosjekt, seier SV-leiaren.

Målet er at Kunst- og designhøgskolen skal kunna flytta inn i bygget i 2017.

Kunst- og designhøgskolen i Bergen

LOVAR BYGGESTART: Regjeringa løyver pengar til byggestart for Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

Foto: Statsbygg

Letta over løyvinga

– Me er enormt letta. Me treng å få flytta saman, seier Paula Crabtree som er rektor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. I dag er studentane fordelt på ikkje mindre enn seks ulike bygg i Bergen.

Paula Crabtree, påtroppende rektor ved Kunsthøgskolen i Bergen

LETTA: Rektor ved Kunst- og designhøgskolen Paula Crabtree.

For rektoren betyr løyvinga at Kunst- og designhøgskulen endeleg opplever anerkjenning for prosjektet dei har jobba intenst med i mange år.

– Det er berre så bra at den politiske velviljen endeleg kjem. Dette vil verta eit kulturbygg ikkje berre for oss, men for heile byen seier Crabtree.

Ny storstove

Regjeringa sikrar òg opprustinga av Universitetsmuseet i Bergen, der det skal byggjast ein aula med plass til 500 sitjeplassar.

– Med ny aula får universitetet si storstove. Gjennom dette prosjektet får me òg heidra dei viktige pionerane i kunnskapsbyen Bergen. Dette vert ei storstove for heile Vestlandet, seier Lysbakken.

Den første delen av rehabiliteringa vil kosta 328 millionar.

Universitetet i Bergen får 20 millionar til å starta opp arbeidet med den etterlengta universitetsaulaen. Aulaen kan no verta ferdigstilt våren 2013, om resten av pengane kjem

Aulaen ved Universitetet i Bergen

AULAEN: Slik skal den nye aulaen ved Universitetsmuseet i Bergen verta.

Foto: Universitetet i Bergen

– Veldig glade

Ved Universitetet i Bergen vert det i dag feira med kake måndag.

Sigmund Grønmo

GLAD: Universitetsrektor Sigmund Grønmo vil feira med kake.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Me er veldig glade for at pengane no kjem, seier avtroppande rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

Sjølv om det berre er oppstartspengane som kjem i denne omgangen, er ikkje rektoren redd for at den vidare finansieringa skal stoppa opp.

– I budsjettet for 2014 reknar me med at me vil få ein større sum. Me reknar med at dette vert prioritert uansett regjering, seier Grønmo.

– Kjekt, men useriøst

Henning Warloe som sitt i Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget for Høgre er glad på vegne av utdanningsinstitusjonane i Bergen.

Stortingsrepresentant Henning Warloe frå Høgre.

USERIØST: Stortingsrepresentant Henning Warloe reagerer på at det ikkje vert løyva meir enn 15 og 20 millionar til dei to prosjekta.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er jo veldig kjekt for universitetet og kunsthøgskulen, men samtidig er det jo nesten useriøst av Regjeringa å komma med eit så lite beløp. Kva får du for 15 millionar? Det er jo neppe nok til meir enn å setja opp eit stillas, seier Warloe.

Han meiner Regjeringa tar æra for løyvinga, men at det er dei som måtte vinna valet til hausten som må fullfinansiera prosjekta.

– Det vil jo uansett vera neste regjering som må betala for dette, seier bergensaren som ved fleire høve har stilt spørsmål om byggestart for Kunst- og designhøgskolen i Stortinget.

Utløyser over 1,3 milliardar

Sjølv om det berre er startløyvingane som kjem i denne omgangen, føler Lysbakken seg trygg på at begge prosjekta no vert realiserte.

– Det føler eg meg heilt trygg på. Regjeringa pliktar seg til å komma med resten av finansieringa i åra som kjem. Dette utløyser ein milliard til Kunst- og designhøgskulen og dei 328 millionane som universitetet treng til første del av opprustinga av universitetsmuseet, seier Lysbakken.