Turneringa som gjekk i Bergen var likevel ei viktig gjennomføring før Jotun, som viste gryande form før juleferien. Trenar Stig Jøsendal er alt i alt nøgd med innsatsen i Bergen.
Redusert lag
Det var ei redusert Jotun-lag som stilte i Bergen. Vibeke Fusce Moe, dei viktige kantspelarane Linda Øy og Beate Myrdal, samt kaptein Therese Lægreid som nett er komen att frå skade var ikkje med.
Tøffe bortekampar
Når alvoret no tek til att startar dei med svært tøffe bortekampar mot Fjellhammer og Bækkelaget, og då reknar Jøsendal med at desse spelarane er med att.