Hopp til innhold

Jordskjelv råka delar av Vestlandet

Frå fleire stader i Nordfjord og Sunnfjord kjem meldingane tysdag morgon om eit jordskjelv. Odd Arne Bakkebø i Selje er blant dei som fekk seg ein støkk.

Odd Arne Bakkebø såg snøen drysse ned frå taket då jordskjelvet rysta Nordfjord

FEKK EIN STØKK: Odd Arne Bakkebø såg snøen drysse ned frå taket då jordskjelvet vitja Nordfjord.

Foto: Privat

– Fem på halv ni var det eit skikkeleg jordskjelv her, fortel han på telefon til NRK.no nokre minutt seinare.

Han har sjølv opplevd jordskjelv for nokre år sidan, og kjenner seg trygg på at det var det han følte. Først trudde han det var nokon som dreiv med sprengingsarbeid i området, men då skjelvinga vara ved vart han overtydd.

Rista godt i ti-femten sekund

– Eg merka det slik at eg såg at snøen byrja dryssa utanfor stoveglaset mitt. Eg kunne ikkje forstå at det skulle skje med 1,5 minusgrad, seier han til NRK.no.

Skjelvet skal ikkje ha vore så kraftig at ting byrja dette ned frå skapa, men Bakkebø fortel at det rista godt.

– Det stod vel på i mellom ti og femten sekund, seier han.

Også i Møre og Romsdal har NRK fått ei rekkje telefonar frå folk som har merka jordskjelvet. Skjelvet skal ha hatt ein styrke på 3,0 ifølgje jordskjelvekspertar ved Universitetet i Bergen.

– Råka like utanfor Selje

Jordskjelvekspert Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen seier skjelvet er relativt lite og at dei har målt det til ein styrke på 3,0. Episenteret ligg ifølgje førebelse rapportar like nordvest for Selje ute i havet.

– Vi ventar ikkje noko skadeverknader av eit slikt skjelv, men i nærområdet er det naturleg at folk har merka det.

Folk i store delar av Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal har merka skjelvet.

– Eit skjelv kan merkast ganske langt unna, i ein radius på 50–60 kilometer. Dette er fordi vi har faste fjell som gjer at dei seismiske bølgjene ikkje blir dempa, forklarar Atakan.

Treng tid for å finne ut meir

Også ved jordskjelvinstituttet i Noreg, NORSAR, på Kjeller har fått ei rekkje telefonar i morgontimane.

Førebels er det derimot for tidleg å slå fast kva som har skjedd.

– Vi treng framleis litt tid på å analysere registreringane. Men vi ser at det har vore utslag på nokre av målingane, seier forskar Tormod Kværna til NRK.

– Vi har registrert signal frå dette jordskjelvet på stasjonar over heile Norge, seier han.

Seismologane ved NORSAR har gjort førebels usikre målingar som syner at jordskjelvet må ha vore på minst 3,5 på Richters skala. Kværna karakteriserer det som langt frå kraftig – det er noko som skjer relativt ofte på nasjonalt.

– Så det er ganske vanleg, berre at folk har oppdaga det no?

– Ja, om vi ser på historikken for området ved Selje og Måløy, så har det vore større jordskjelv tidlegare. Til dømes i 1995 og 1999, og også mindre skjelv for eit par år sidan, seier Kværna.

Har vore merkbart fleire stader

– Også på Sandane, Eid og delar av Sunnfjord meiner folk å ha kjent buldring...

– Ja, det er det same skjelvet. Det er bølgjene som har spreia seg utover, forklarer seismologen.

– Kan det komme meir?

– Det vanlege er eitt skjelv, og kanskje nokre små og mindre etterpå.

– Så det er ingen grunn til uro?

– Nei, det er det ikkje. No har skjelvet skjedd, og då er det over. Det har vore tilsvarande skjelv i området før, så dette er ikkje uvanleg, seier Kværna.