Eit jordskjelv målt til 3,8 på Richters skala blei lokalisert utanfor Øygarden i Hordaland tysdag morgon.
- Bakgrunn:
Om lag tre mil unna ligg eit av dei mest omtala skipsvraka i norsk historie. Vest for øykommunen Fedje ligg ubåten U-864. Då han blei senka i 1945, var det truleg med 65 tonn kvikksølv om bord.
Innbyggjarane på Fedje har i mange år frykta konsekvensane dersom eit større jordskjelv rammar området.
Då skjelvet gjekk tysdag, gjekk tankane til Fedje-ordførar Stian Herøy (H) mot havbotnen fire kilometer vest for øya.
– Me merka skjelvet godt og diskuterte ubåtvraket i lunsjen. Dette er sjølvsagt noko innbyggjarane uroar seg over, seier ordførar Stian Herøy (H).
100.000 stein og sand sikrar «miljøbombe»
Kystverket starta i januar i fjor arbeidet med å bygga ei støttefylling for å stabilisera grunnen. 100.000 tonn stein og sand sikrar i dag skråninga der baugseksjonen av vraket ligg, mot utrasing.
– Det er klart at det er grunn til å vera usikker på kor sikre desse tinga er. Dette skjelvet var ikkje spesielt kraftig, men kva skjer om det neste blir endå kraftigare?
Fedje-samfunnet har kjempa i snart 15 år for å få vraket heva, men tilstanden på det 72 år gamle vraket gjer ein slik operasjon svært risikabel.
- Les også: De blå-blå garanterte heving – nå vil de ikke uttale seg
ORDFØRAR: Stian Herøy (H) fryktar konsekvensen av framtidige jordskjelv langs kysten.
Foto: Sølve Rydland / NRK
Måler ikkje på nytt etter skjelvet
Arbeidet med fyllinga blei avslutta sommaren 2016. No er fyllinga i ein halvanna år lang stabiliseringsfase.
– Det er ingenting ved dette skjelvet som gjer oss uroa. Det hadde sett langt meir alvorleg ut om me ikkje hadde etablert støttefyllinga, seier prosjektleiar Hans Petter Laahne Mortensholm i Kystverket.
Fyllinga er ifølge Mortensholm overdimensjonert og laga for å tola «hundreårsskjelv».
Kystverket gjorde sist målingar i havbotn i august, blant anna i form av avlesing av trykksensorar som er installerte i botnen.
- Les også:
– Styrken i havbotn følgjer «normalkurva» og er tilfredsstillande. Neste måling vil skje over nyttår. Då blir også overvakinga avslutta.
Kystverket har i dag ikkje utstyr som gir direktemålingar av rørslene i sjøbotn og kan difor ikkje svara på om skjelvet påverka stabiliteten i den sju meter høge fyllinga.
Mortensholm avviser at Kystverket vil gjera nye målingar som følgjer av skjelvet.
STØTTEFYLLING: Kystverket bygde i fjor ei sju meter høg fylling av sand og stein for å sikra ubåtvraket, som ligg i ei skråning, frå å rasa ut.
Foto: KystverketKraftigaste på 10 år
Skjelvet tysdag er det kraftigaste som er målt på fastlands-Noreg på ti år.
– Det er ikkje sterkt nok til å setja i gang rørsler på havbotn, seier geofysikk-professor Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen.
Han roar innbyggjarane på Fedje med at sjansane for så sterke jordskjelv på våre kantar er små, men understrekar at sjansane er til stades.
– I 1954 ramma eit skjelv på 4,9 utanfor Karmøy. I 2008 råka eit skjelv på 6,1 Svalbard. Dei fortel litt om nivået av jordskjelvaktiviteten i våre område. Det kan gå tusenvis av år mellom dei verkeleg store skjelva, men det er uråd å spå når dei kjem.