Hopp til innhold

Opplevde smell, during og risting - jordskjelvet merkast over heile fylket

Over heile Sogn og Fjordane har folk i natt merka ei veldig during, før det har rista i huset deira. Mange har trudd at det har gått ras, men lydane og ristingane stammar frå eit jordskjelv med styrke 3.

Jordskjelv i Sogn og Fjordane

MANGE STADER: NRK Sogn og Fjordane har fått melding om det som kan vere eit jordskjelv frå mange stader i fylket - mellom anna Nordfjordeid, Stryn, Loen, Sogndal, Fjærland, Luster, Sandane, Lærdal, Vassenden, Gulen, Årdal og Førde

Foto: Statens kartverk

Professor Kuvvet Atakan i geovitenskap ved Universitetet i Bergen stadfestar at det var eit jordskjelv og at det hadde ein styrke på 3,0.

– Skjelvet har episenter nordvest for Gaupne og blei registrert 00:41 i natt. Det er eit lite skjelv som ikkje gir skade men som folk kan merke godt, seier han til NRK.no.

Reidar Nesje

MERKA DUR: Reidar Nesje i Stryn trur det var eit jordskjelv han opplevde i natt.

Foto: Privat

Kl 00:42 - kraftig risting i huset som om det skulle vore råka av ein større gjenstand.

Mann i Fjærland

Eg merka ei buldring/during i noken få sekund på Sandane litt før 1-tida i natt!

Frå Sandane

Våknet av høy lyd og risting kl 00.42 i natt. Hunden begynte å bjeffe 10-15 sekunder senere. Tenkte først på ras, men da jeg åpnet vinduet, var det over. Antar det varte i 20-30 sekunder.

Kvinne i Skjolden

Eg trudde det kom ei gravemaskin køyrande inn mot huset! Utan lyd frå motoren men med buldringa og ristinga i huset. Det var skummelt!

Frå Jølster

Eg spratt opp av senga for å sjå kva det var!

Kvinne i Aust-Gulen

Reidar Nesje på Storesunde i Stryn høyrde lydar frå jordskjelvet natt til onsdag.

– Eg såg på TV og merka ein dur, som om ein lastebil skulle køyre forbi huset. Så blei det ein dunk i huset. Eg trudde det kunne vere eit ras, men då eg sprang ut var det ingen lyd lenger. Då tenkte eg det var eit jordskjelv og såg på Facebook at mange andre hadde skrive om det same, seier han.

Politiet har fått meldingar

Også hos politiet sin operasjonssentral har dei fått meldingar om det folk meinte måtte vere eit jordskjelv.

– Vi har fått meldingar frå Luster og Jølster, om lag klokka kvart på eitt i natt, får NRK opplyst i femtida onsdag morgon.

  • Har du merka noko til skjelvet? Send epost til sf@nrk.no eller SMS til 1987 med kodeord SF

Merka at det buldra

Etter mange ras i helga, har fleire av dei som NRK vore i kontakt med, trudd det var skred som kom.

Nattportier Jon Idar Hilde på Alexandra Hotel i Loen seier både han og kollegaen merka det.

– Eg stod inntil ein vekk opp mot fjellsida, og merka at det buldra. Først trudde eg det var ei dør som gav trekk, så eg måtte prøve ein gong til, seier han til NRK.no tidleg onsdag morgon.

Han seier dei først trudde det kunne vere eit jordras bak hotellet, men at dei raskt såg på sosiale medium at mange i nærområdet hadde merka det dei meinte måtte vere eit jordskjelv.

– Men vi merka ikkje noko rørsle, berre lyden, seier Hilde.

Durelyd

Også andre stader i Stryn har dei merka det som kan vere eit jordskjelv, men kraftig smell og risting i huset. I Indre Sogn er det fleire som skriv på Facebook at det har vore kraftige ristingar og at det har klirra i skapa.

Og på Sandane i Gloppen kjem det også melding om buldring og during i eitt-tida i natt.

Ståle Sørbø i Førde fortel at han brått høyrde noko som minna om lyden av sentrifugering.

– Det var ein kjapp durelyd, eller skurrelyd. Det rista nokre sekund. Eg kvapp skikkeleg, fortel han.

Han var pålogga Facebook i natt og fekk meldingar frå folk både på Vassenden i Jølster og Hellevik i Fjaler.

– Det er fleire som har kjent det, seier han.

Over stort område

Det er altså mange over eit stort område som har kjent skjelvet. Fast fjell er forklaringa på at jordskjelvet i natt kunne merkast også langt vekke frå episenteret i Gaupne i Sogn.

– Og når eit skjelv på 3.0 skjer om natta og omgjevnadane er stille, så kjenner ein det lettare. Det er ikkje uvanleg at folk då merkar det over eit stort område. Det har med jordskjelvet si forplanting i jordskorpa å gjere. I Norge er det slik at sjølv små jordskjelv merkast på lange avstandar, seier professor Kuvvet Atakan.

Eit grunt skjelv

Skjelv som er rundt 3 gjer vanlegvis ikkje skade, då må ein opp i ein styrke på 4-4,5. Professoren seier at skjelvet i natt er grunt og at det har skjedd fem kilometer nede i jordskorpa.

– Vanlegvis skjer skjelva 10-15 kilometer nede, så dette er grunt.

– Kan vi rekne med fleire skjelv utover dagen?

– Etterskjelv er ikkje uvanleg, men dei er vanlegvis mykje mindre i styrke, seier han.