Hopp til innhold

Krev løn under utdanning for å løysa jordmorkrise

Fleire parti er leie av stadig mangel på jordmødrer i sommarferiane. Frp vil ha tilbod om løn under utdanning for sjukepleiarar som vil bli fødselshjelparar.

Underbemanning på norske fødeavdelinger

MANGE FØDER OM SOMMAREN: Fleire føder om sommaren, men lågare bemanning på fødeavdelingane gjer arbeidsdagen travel for jordmødrene.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

NRK fortalde denne veka at det manglar vikarar til jordmødrer i sommar, og at Jordmorforeininga fryktar kollaps.

1700 vakter i sommarmånadane står tomme på dei 45 fødeinstitusjonane i Noreg.

Helsedepartementet vedgår at situasjonen er krevjande, men peikar på at det er helseføretaka sitt ansvar at bemanninga i sommar er forsvarleg.

Ingvild Kjerkhol

KRITISERER MINISTEREN: – Det er ein alvorleg svikt at me ikkje har utdanna fleire jordmødrer, seier stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Ingen kan trylla

Arbeidarpartiet sin helsepolitiske talsperson, Ingvild Kjerkol, meiner helseministeren burde ha løyst problemet for lenge sidan.

– Det må vera nok folk på jobb. Men det er jo ingen som kan klappa i hendene og trylla fram fagfolk. Her har det vore ein svikt over år.

Kjerkol påpeikar at det er helseministeren som «eig» helseføretaka, og at regjeringa har ansvaret for å utdanna dei fagfolka helsetenesta treng.

Ho har stilt helseminister Bent Høie (H) eit skriftleg spørsmål om følgetenesta kjem til å vera operativ i sommar, der det er sommarstengde fødeavdelingar. Høie har enno ikkje svart på spørsmålet.

Følgetenesta går ut på at alle fødande kvinner skal ha rett til profesjonell fødehjelp under ein fødsel, også dei som bur langt frå sjukehus.

Sterk kritikk frå Riksrevisjonen

I 2019 gav Riksrevisjonen helseføretaka alvorleg kritikk for dei store bemanningsutfordringane deira. Allereie då nærma mellom 20 og 50 prosent av jordmødrene i dei ulike helseføretaka seg pensjonsalder innan fem år.

Riksrevisjonen meinte også at det var kritikkverdig at mange av helseføretaka mangla oversikt over bemanningsbehov og planar for å løysa bemanningsutfordringane sine.

Ifylgje Nav si bedriftsundersøking for 2021 manglar det i dag 5350 sjukepleiarar, 1450 spesialsjukepleiarar og 150 jordmødrer. Alle tala har auka sidan fjorårets bedriftsundersøking.

– Det er ein alvorleg svikt at me ikkje har utdanna fleire jordmødrer og tilsett dei i heile stillingar, slik at dei har halde fram med innsatsen sin i yrket og ikkje søkt seg bort, seier Kjerkol.

Satssekretær Maria Jahrmann Bjerke i Helse- og omsorgsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei er godt kjende med behovet for fleire jordmødre.

– Det er viktig at utdanningskapasiteten for jordmøre er i tråd med behova i tenestene, og at utdanningstilboda er lokaliserte slik at dei treff behova i heile landet, svarar ho konfrontert med utsegna frå Kjerkol.

Ho viser til at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett i fjor tildelte 250 studieplassar til vidareutdanningar i spesialsjukepleie, inkludert jordmorutdanning.

– Regjeringa er opptatt av å bidra til å dekka samfunnet sine behov for kompetanse, skriv Bjerke.

Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

VIL HA NYE TILTAK: Partileiar Sylvi Listhaug i Frp krev at helseføretaka blir pålagde å tilby sjukepleiarane vidareutdanning med løn

Foto: Stian Lysberg Solum

Løn og full stilling

Partileiar Sylvi Listhaug i Frp er klar på at det må vera nok kompetent personale på norske fødestover.

– Då kan ikkje helseministeren berre sitja og peika på helseføretaka. Då må ein vera meir aktiv og styra dette.

Listhaug vil difor at:

  • helseføretaka skal bli pålagde å gje sjukepleiarane vidareutdanning med løn, for dei som har lyst til å bli jordmødrer.
  • desse skal få tilbod om ei full stilling når dei er ferdige med utdanninga.

– Helseføretaka får overført store summar kvart einaste år. Eg meiner det er fullt mogeleg å prioritera innanfor dei rammene dei har, seier Listhaug.

Men mange helseføretak slit jo allereie med dårleg økonomi?

– Frp er absolutt for at me skal tilføra nye midlar, slik me har sørga for dei siste åra. Det vil vera tema i kvart einaste budsjett.

Mor og baby hander

VIL HA FLEIRE JORDMØDRER: Både Ap og Frp krev at helseministeren gjer meir for å få fleire jordmødrer.

Foto: Sarah Ahrens

Regjeringa skal setja i verk plan

I det reviderte nasjonalbudsjettet for 2021 vart regjeringa og Frp einige om at regjeringa skal leggja fram ein plan for å sikra fleire helsearbeidarar i åra framover.

Dette gjeld sjukepleiarar, vernepleiarar, spesialsjukepleiarar, jordmødrer og helsefagarbeidarar.

Frp sat i regjering til 2020, og Listhaug har sjølv vore statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet.

Kunne de i Frp ha gjort noko med dette tidlegare?

– Ein kan heilt sikkert gjera meir. Me er iallfall opptekne av at me no skal ta tak i dette området. At me må ta meir styring over det og ikkje overlata alt til helseføretaka, seier Listhaug.