Hopp til innhold

Jonas kunne framføre heile leseleksa – utan å lese

Jonas Myklebust var så god til å hugse at alle trudde han las. Ungar med dysleksi finn strategiar for å dekkje over lesevanskar.

Jonas Myklebust

LES GODT: I dag har ikkje Jonas Myklebust problem med lesinga. – Det er greitt å ha vore gjennom noko du ikkje har fått til, og så meistra det.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det er tid for leseøving på barneskulen der Jonas Myklebust er elev. Den vesle guten fører peikefingeren langs setningane i boka slik som dei andre elevane.

Men til forskjell frå dei andre, har han inga nytte av å gjere det.

Og når læraren les opp leseleksa til neste dag høgt i klasserommet, følgjer Jonas nøye med.

Ord for ord gjentek han teksten for foreldra heime.

Jonas les ikkje, han memorerer.

Vanleg å dekke over

Mellom tre og seks prosent av barn og unge har dysleksi, ifølgje den statlege spesialpedagogiske tenesta Statped. Nyleg fortalde NRK historia om Storm som ikkje fekk hjelp med lesevanskar før i 7. klasse.

Ifølgje Statped er det vanleg at elevar med lesevanskar bruker ulike strategiar som kan dekkje over utfordringar med lesing.

– Nokre elevar kan prøve å hugse setningane i ein tekst framfor å lese den sjølv, for eksempel når læraren les ein tekst høgt før elevane skal lese han, forklarer Eli Hekland.

Ho er seniorrådgivar i Statped.

Elevar som er usikre på bokstavar, lydar eller kva dei gjer når dei les, vil kunne gjette på ord ut frå samanhengen, som bilete ved teksten eller det dei veit om temaet.

Dei kan for eksempel prøve å hugse om ordet ser ut som eit ord dei kan, eller lese starten av ordet og gjette på resten.

– Dette er strategiar som vil kunne maskere ein lesevanske, særleg dei første åra på barneskulen og særskilt dersom eleven har eit stort ordforråd å gjette ut frå, seier Hekland.

Regelmessig kartlegging av lesing og skriving vil likevel avsløre at eleven ikkje har tileigna seg grunnleggande ferdigheiter i lesing.

Les også: 1 av 5 får påvist dysleksi på videregående: – Har vært mer stress

Lars Christian Valand
Lars Christian Valand

Talde seg fram til rett ord

– Det var heilt utruleg. Det var ordrett, fortel far Geir Thomas Myklebust.

Mange år etterpå, hugsar han godt korleis sonen feilfritt attgav leseleksa.

Dersom foreldra ville teste Jonas i eit enkeltord i teksten, hadde han lært seg ein annan metode.

Ved å gå gjennom teksten i hovudet og telje ord til han kom til same ord som det foreldra peika på i boka, greidde han å seie det rette svaret.

Sjølv er ikkje 18-åringen heilt sikker på om han forstod at det han dreiv med, ikkje var lesing.

Etter kvart som tekstane vart lengre, vart det vanskelegare for Jonas å halde på metoden sin.

Jonas fekk stadfesta dysleksi og hadde ekstra hjelp med lesinga på barneskulen. Utover ungdomsskulen losna det enda meir, og på slutten av grunnskulen opplevde han å ha god kontroll på lesinga.

Jonas Myklebust

HAR HATT IGJEN FOR STREVET: Arbeidet med å lære seg å lese har gitt Jonas Myklebust gode læringsstrategiar også på andre område.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Jenter er gode på å skjule lesevanskar

Også Dysleksi Norge stadfestar at det er vanleg at barn med dysleksi utviklar metodar for å kompensere for vanskane.

Særleg jenter er gode på å «skjule» vanskane sine, fortel Kathrine Ruud Elster, redaktør i Dysleksi Norge.

Dermed får også mange færre jenter påvist lese- og skrivevanskar.

Generalsekretær Caroline Solem i Dysleksi Norge seier kjønnsforskjellane kjem til uttrykk på mange måtar, men at ein ikkje veit nok om kvifor forskjellane er der.

Solem fortel at dei møter mange jenter som jobbar veldig hardt, men som ikkje har vorte fanga opp fordi dei leverer midt på treet-prestasjonar.

Men i verkelegheita er det jenter med store ressursar, og samtidige lærevanskar. Hadde dei fått hjelp, kunne resultata gitt eit riktigare bilete av prestasjonane deira.

Les også: Erna Solberg reagerer på Storms (14) historie: – Opprørende at vi ikke har kommet lenger

Erna Solberg
Erna Solberg

Har arbeidd systematisk

Jonas har no gått to år på elektrolinje på vidaregåande skule. 18-åringen har lærlingplass som elektrikar på ein oljeplattform i Nordsjøen. Han og to andre søkjarar konkurrerte ut over 200 andre som søkte stillingane.

Då dysleksien vart oppdaga, sa lærarane at Jonas måtte jobbe hardt i starten, men at det ville bli enklare for han etter kvart. Dei orda tok han med seg både i ungdomsskulen og på vidaregåande.

– Eg har den erfaringa at viss eg ikkje får det til, så er det berre å jobbe litt med det, så får eg det til.

Og han legg til:

– Folk med dysleksi har ulike vanskar og styrker og metodar. Derfor er det viktig med lærarar som ser, forstår og legg til rette for at kvar enkelt elev skal klare seg best mogleg, seier han.

I dag meiner Jonas han har igjen for at han jobba hardt med å lære å lese.

Artikkelen er oppdatert 23. januar kl. 10.07 med ein kommentar frå generalsekretær Caroline Solem i Dysleksi Norge.