Hopp til innhold

Jonas (31) har signert for «e-sportens Manchester United»

Då koronapandemien kom, mista Jonas Nyløy Navarsete jobben som underhaldar på cruiseskipet. No er han signert av eit av verdas største e-sportslag.

Jonas Nyløy Navarsete

THE SUITE LIFE: Jonas Nyløy Navarsete levde livet på havet fram til pandemien kom. Heime frå guterommet i Sogndal vart han stor på spel og strøyming.

Foto: privat

– Det er jo surrealistisk.

Jonas Nyløy Navarsete (31) frå Sogndal, eller Average Jonas som han er mykje meir kjend som, har fått pressa inn eit lite intervju innimellom alt arbeidet.

Fredag ettermiddag annonserte han at han skal spela og skapa innhald for organisasjonen Team Liquid, eit av dei største laga i verda.

Annonseringa kom i ei tre timar lang sending på framsida Twitch.tv, verdas største nettside for spel-strøyming. 140 millionar brukarar er innom sida i løpet av ein månad.

– I e-sportens verd er Team Liquid på størrelse med Manchester United eller Barcelona. Dei stiller med lag i ei lang rekke e-sport-spel, og fleire av desse laga er i verdstoppen, seier Rune Fjeld Olsen, NRK sin spelmeldar.

Frå opera til dataspel

Average Jonas har over 200.000 følgjarar på Twitch.

Men for å spola litt tilbake. For eit år sidan var livet ganske annleis. Det var smoking og tversoversløyfe som var arbeidsuniforma – ikkje hettegenser med sponsorlogar frå Honda, Monster og Marvel.

Han jobba som underhaldar på cruiseskip. Segla verda rundt og underheldt med alt frå opera til jazz.

Men som så mange andre mista han jobben då koronapandemien trefte oss. Han kom seg heim til Noreg, og heime på guterommet tok han sjansen på å leva ut ein draum han hadde hatt lenge: å strøyma speling på internett.

– Det var den perfekte stormen. Mange sit heime no, og det kom eit nytt spel som vart superpopulært akkurat då eg byrja å spela. Då var det berre å ri den bølgja.

– Alt kokar ned til dette

Team Liquid har lag i dei fleste store spela som blir spelt. Men Navarsete er ikkje tilsett for å spela og vinna turneringar.

Han skal jobba som innhaldsskapar for laget. Kommentera turneringar, spela, strøyma og skapa blest. I desember kommenterte han blant anna finalane i europameisterskapen i spelet Valorant.

Med ein mastergrad i idrettsvitskap, og årevis med musikk, underhaldning og speling, har alt no enda opp i ein proffkontrakt i utlandet. Han får leilegheit, og har ein stab på åtte personar rundt seg.

– Eg fann plutseleg ein plass der eg kan gjera alt. Eg syng litt, eg spelar litt, og av og til begge deler. Det skapar eit litt unikt underhaldingstilbod ikkje så mange har. Alt eg har drive med dei siste ti åra har plutseleg koka ned til å driva med akkurat det eg gjer no. Det er litt merkeleg.

Jonas Nyløy Navarsete

Sol og sjø var livet til Jonas Nyløy Navarsete før korona.

Jonas Nyløy Navarsete og kollegaer

Glitter og glam på cruise i heile verda.

Jonas Nyløy Navarsete

I månadsvis segla han verda rundt.

– Men det har vore hardt arbeid. I starten spelte eg i åtte timar, så åt eg middag, og så redigerte eg høgdepunkt i fire timar. Nokon åtte til fire-jobb er det absolutt ikkje!

På åtte månader er det blitt nesten 2000 timar med direktesendt speling. Til samanlikning er eit vanleg arbeidsår for ein vanleg nordmann knapt 1700 timar på arbeid i løpet av tolv månader.

Enorm milliardindustri

Dataspel er blitt ein enorm industri. I 2020 er det estimert at det er meir pengar i det enn den globale filmbransjen og den Nord-Amerikanske sportsindustrien til saman. 1500 milliardar kroner, ifølgje Marketwatch.com .

– Team Liquid er i tillegg kjende for å vera tvers gjennom seriøse og profesjonelle. Dei har hatt denne posisjonen i over 20 år, og er dermed nesten like gamal som e-sport generelt. I ei verd der både klubber og spelarar kjem og går, er det ei bragd i seg sjølv, seier spelekspert Rune Fjeld Olsen.