Jonas (22) har budd ei veke på koronahotellet: – Hadde sett for meg å bli smitta

DANMARKS PLASS (NRK): 363 personar har fått korona etter faddervekene i Bergen. Jonas Ellingsen Næsse testa seg etter å ha fått snap av ein koronasmitta venn frå fadderveka.

Jonas Ellingsen Ness, student som budde på koronahotellet i Bergen

SMITTA: Jonas Ellingsen Næsse er blant dei smitta studentane. Han har den siste veka budd på det sokalla koronahotellet i Bergen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Talet på studentar som har fått covid-19 etter semesterstart i Bergen denne hausten, passerte måndag 200.

Ein av dei er Jonas Ellingsen Næsse (22) frå Bømlo. Han studerer ved Universitetet i Bergen og har fått ein litt anna start på semesteret enn han kanskje såg føre seg.

– Eg vart truleg smitta heilt i slutten av fadderveka. Men eg hadde ingen symptom. Eg skjønte eg måtte teste meg etter å ha fått snap av ein eg var på fadderveka saman med, seier Næsse til NRK.

Måndag ettermiddag er talet på smitta ved Universitetet i Bergen 29, fire av dei fekk påvist smitte i dag.

Hadde eit fint opphald

22-åringen møter NRK utanfor det sokalla koronahotellet på Danmarks plass. Dette er eit tilbod frå kommunen til dei som er smitta, men som ikkje har eigna stader å isolere seg på. Hotellet opna i starten av juni, men stod tomt heilt til 19. juli. Etter det har pågangen vore stor.

Næsse bur i kollektiv med studentar frå fem andre studiestader, og fekk difor beskjed om å sjekke inn der etter å ha fått positivt svar på koronatesten.

Totalt budde han ei veke på hotellet, før han etter tre negative prøver fekk komma ut igjen.

– Eg vart ikkje veldig redd då eg vart smitta, men det er greitt å føle at ein blir passa på dersom noko skulle skje. Det var sjølvsagt dumt å få beskjed om at eg hadde korona, seier Næsse.

Inne på hotellet er det sjukepleiarar som sjekkar dei smitta fleire gangar for dagen. Elles må dei som bur der måle temperatur og pulsen sin sjølv kvar dag, fortel Næsse.

Måndag er det 104 personar som bur på hotellet, fortel Bergen kommune til NRK.

Kommunen jobbar no med å utvide kapasiteten, og er også i forhandlingar om å opne eit nytt koronahotell.

Fadderuke-samling i Nygårdsparken i Bergen

FADDERVEKE: Mange var samla i Nygårdsparken i starten på fadderveka i august.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

393 smitta på under ein månad

Dei første samlingane i fadderveka byrja 10. august. Allereie dagen etter hadde første deltakar fått positivt prøvesvar.

Det førte til at Universitetet i Bergen avlyste kveldsarrangementa i fadderveka. Høgskolen i Vestland avlyste si fadderveke etter nokre dagar.

Men utbrotet ved NHH har på ny sett fart i smittetala.

Totalt har 363 personar testa positivt for korona sidan 11. august:

  • 202 av dei er studentar.
  • 131 av dei studerer ved NHH.

Det betyr at ein tredel av dei totalt 986 smittetilfella i Bergen kom etter faddervekene.

Fram til måndag har Bergen kommune sagt at smitta har vore knytt til studentmiljøet i byen. No er det fleire tilfelle der smitten ikkje kan sporast til utbrotet blant studentane.

Norges Handelshøyskole og koronasmitten.

STENGD: Noregs handelshøgskole har avlyst all fysisk undervising.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Prøvde å følgje reglane

Næsse vedgår at studentar kunne gjort ting betre, men at dei på beste måte prøvde å følgje reglane frå FHI.

– Universitetet kunne ikkje gjort det så mykje betre, utan å avlyse alt. Men då vart det private opplegg i faddergruppene i staden for, fortel Næsse.

Han seier det er lett å vera etterpåklok.

– Ein er ny student, kanskje ny i byen og då ynskjer ein også å bli kjend med dei du skal studere med. Det er ikkje så gøy å starte eit nytt skuleår utan å kjenne nokon, så eg ville ikkje ha retta så mykje kritikk mot studentane, meiner han.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.09.2020
775
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde