Hopp til innhold

Jon-Helge Tveita klar for Start

Jon-Helge Tveita har signert for Start, skriv Brann på si heimeside. – Eg føler ikkje eg har fått så mykje speletid her i Brann, så då Start kom på bana var det eit tilbod eg ikkje kunna takka nei til, seier han til heimesida. Tveita kom gratis til Brann vinteren 2020, og hadde kontrakt ut 2022.

Eliteserien i fotball 2020: Brann - Odd (2-1)
Foto: Marit Hommedal / NTB