Eit samla styre blei i dag informert om at Jon Bolstad har sagt opp stillinga som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.
Avgangar skjer etter ein turbulent vår ved sjukehusapoteket i Bergen.
Fleire tilsette har varsla, Legemiddelverket har vore på tilsyn og fleire har sagt opp jobbane sine.
I ei pressemelding seier Bolstad at det har vore innhaldsrike, spennande og gjevande år.
– Samtidig har særleg dei siste månadane vore tøffe, ikkje minst for ulike leiarar og medarbeidarar, med mykje uro og sterkt press.
– Difor tenkjer eg at organisasjonen akkurat no kan vere tent med ein annan ved roret for å ta arbeidet vidare, seier han i pressemeldinga.
Apoteksjef slo alarm
I februar i år sto apoteksjef Pål Espen Johannesen fram i NRK der han slo alarm om forholda i sitt eige helseføretak.
Apoteket leverer viktige medisinar til heile landet, men Johannesen meinte dei ikkje var leveringsdyktige på ei rekke sterile legemiddel.
Sterile legemiddel er blant anna viktig når medisinar skal injiserast i kroppen til ein pasient.
Johannesen valde derfor å senda bekymringsmelding til Helsetilsynet og Legemiddelverket.
Blei truga med sparken
I tillegg til Johannesen stod to andre tilsette ved Sjukehusapoteket i Bergen fram for å varsla om forholda ved apoteket.
Den store bekymringa var eit vassanlegg som dei meinte var for gamalt, og som over tid har vore ute av drift. Apoteket trengde utstyret til å produsera sterile legemiddel.
Samstundes som Johannesen varsla, vurderte leiinga i Sjukehusapoteka Vest, med administrerande direktør Jon Bolstad i spissen, å sparka apoteksjefen.
Det førte til at 50 tilsette skreiv eit omfattande støtteskriv, der dei bad apotekleiinga avslutta oppseiingsprosessen mot Johannessen.
Kort tid etter varslinga hyrte Sjukehusapoteka Vest inn konsulentselskapet Deloitte for å kartlegga rutinar for varslingssaker relatert til Sjukehusapoteket på Haukeland sjukehus i Bergen.
Karlegginga er enno ikkje ferdig.
Får truleg millionsluttpakke
Styreleiar Helge Torgersen seier i pressemeldinga at han har respekt for avgjersla til Bolstad.
Til BT seier han at han meiner det var rett av Bolstad å vurdera å gå av.
– Det er tilsyn frå myndigheiter som heng over oss og uro på «gølvet» i organisasjonen. Alt i alt har me hatt behov for å få organisasjonen over i eit meir konstruktivt modus, seier han til avisa.
I pressemeldinga takkar han Bolstad.
– På vegner av styret vil eg retta ein stor takk for arbeidet han har gjort for å styrka Sjukehusapoteka Vest som organisasjon og som bidragsytar til å levere gode helsetenester, seier Torgersen.
BT skriv òg at Bolstad får millionsluttpakke.
Styreleiaren vil ikkje fortelja kva sluttpakke han får, men viser til at han får det som er regulert i kontraktane til leiarar i Sjukehusapoteka Vest.
Ifølgje avisa tente Bolstad 1.87 millionar kroner i fjor, og har krav på etterløn i eit år dersom han blir sagt opp eller sjølv seier opp etter «anmodning fra styrets leder/styret».
Lene Svanberg Jacobsen er no konstituert som administrerande direktør. Ho har sidan 2008 hatt stillinga som apotekar for Sjukehusapoteket i Haugesund.