Hopp til innhold

Fylkesordførar: – Distriktskommunar må snakke fram livet på bygda

Fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp), fryktar at kommunar skremmer vekk folk med klaging. Partifelle i distriktskommune meiner han bommar.

Jon Askeland (Sp) på garden der han vaks opp.

MINDRE KLAGING: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) meiner ein riktig medisin for fleire distriktskommunar er mindre klaging og negativitet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

NRK rettar: I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at Askeland meinte kommunar sutra. Artikkelen er endra 16.06.

Misnøye om dårlege vegar, breiband, ferjetilbod og mobildekning. Det er døme på kva for utfordringar fleire kommunar står i.

No har fylkesordførar Jon Askeland (Sp) sett seg lei av negativitet hjå kommunane i Vestland.

– Mange av kommunane er for opptekne av å framstille fylket og staten som fiendar. Til slutt er misnøye einaste det folk flest forbind med mange kommunar, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Han er uroa over nedgang i folketal og ei stadig eldre befolkning.

No fryktar han at negativitet hjå kommunane kan skremme folk vekk frå å flytte der.

– Vi skal vere utolmodige og rette på det som er gale, men vi kan ikkje gjere alle til fiendar. Distriktskommunar må snakke fram livet på bygda, seier han.

Askeland, som sjølv er tidlegare ordførar i distriktskommunen Radøy, vil ikkje komme med eksempel på kva kommunar han tenker på.

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland

FØRSTE ORDFØRAR: Jon Askeland blei i haust vald til den første fylkesordføraren i Vestland.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Føler seg ikkje treft

Gloppen er ein av mange kommunar som har utfordringar med folketalsutviklinga, men ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) er ikkje samd med partikollega Askeland.

– Å skulde oss for å klage er ein avsporing av debatten. Vi fokuserer mykje på det positive, men det får kanskje ikkje så mykje merksemd.

Kommunane Stad, Voss og Vik i Vestland vert trekte fram som eksempel på kommunar som marknadsførar seg på ein positiv måte.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner mange kommunar er for opptekne av å snakke om kva som er dårleg.

– Eg er glad for at fylkesordføraren er tøff nok til å løfte fram dette. Fleire distriktskommunar har godt av å ta ein runde på kva slags inntrykk folk har av kommunen, seier Bjørlo.

– Mange er for negative. Det skjuler sanninga om korleis det er å bu i distrikta i Vestland. Det er jo faktisk veldig bra.

Leidulf Gloppestad

POSITIV: Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) vil ikkje ha noko sutrestempel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Må støtte opp om Bergen

Askeland meiner kommunane i større grad må spele på lag med Bergen. Han meiner distrikta må bli meir innstilte på samarbeid med fylkeshovudstaden.

– Opplevinga mi er at Bergen og bergensarane vil spele på lag med distrikta. Det er ikkje lurt å gjere alt til ein intern konkurranse.

– Er Bergen det beste håpet for vekst i heile fylket?

– Ja, det trur eg faktisk at det er. Vekst i Bergen i bra for distrikta, og vekst i distrikta er bra for Bergen.

Men det er berre Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad til dels einig i.

– Det er greitt at Bergen er ein motor for fylket, men vi opplever nok at det ofte er litt rusk i maskina, seier han.