Hopp til innhold

Jon (72) fekk berga folk ut etter bilbrann – no krev han ny tunnel

Då det byrja å brenne i ein bil i tunnelen på Strynefjellet, var det snarrådige Jon Nedre-Flo (72) som klarte å halde hovudet kaldt og fekk folk trygt ut.

Jon Nedre-Flo blei dagens helt på Strynefjellet.

VEL FRAMME: 72-åringen Jon Nedre-Flo handla resolutt og fekk folk ut av tunnelen då han oppdaga bilbrannen.

Foto: Jonathan Gaathaug Nielsen / NRK

Det var dramatiske scener i Oppljostunnelen på riksveg 15 tysdag ettermiddag. Bilen til ein nederlandsk familie tok fyr og svart røyk velta ut av tunnelen.

Midt i branndramaet stod yrkessjåføren Jon Nedre-Flo, støtt som ein bauta. Då han kom til ulukkesstaden tok han raskt grep.

– Først sjekka eg at bilen som brann var tom. Så stod det fem stykke utanfor ein bubil. Då sa eg at dei måtte kome seg ut av tunnelen fortare enn f, for denne røyken er giftig, seier Jon på telefon til NRK.

I alt fekk han snudd om lag 10 bilar og to motorsyklar som var i tunnelen.

Han har køyrd storbil for Thor Tenden Transport i Stryn i snart ein mannsalder og var ikkje i tvil då han oppdaga brannen.

– Du må jo berre gjere noko. Eg er alltid redd og har frykt for brann. Spesielt i Strynefjellstunnelane. Det er på tide å få bygd ny tunnel.

utbrent bil etter brann i Oppljostunnelen

UTBRENT: Ulukkesbilen, ein Renault Mégane, blei totalvrak etter brannen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Har lenge frykta brann

Og der er Nedre-Flo på linje med mange i heimedistriktet Nordfjord. Kampen for ny tunnel opp dei bratte fjellsidene til Strynefjellet har pågått i mange år.

– Brann i dei låge, smale og lange tunnelane på Strynefjellet er noko av det vi fryktar aller mest, seier brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg.

Tysdag blei mannskap frå begge sider av Strynefjellet kalla ut. Både i vest og aust vonar dei no at politikarane held det dei har lova: Ny tunnel til erstatning for dei smale og farlege.

– Den nye tunnelen vil bli lang, men ikkje så bratt. Den vil bli god og romsleg og det er mindre sjanse for at det kan skje hendingar som i dag, seier Vinsrygg.

Det brenn i ein personbil som står kring ein til to kilometer inne i Oppljostunnelen på riksveg 15 på Strynefjellet.

STOR AKSJON: Alt tilgjengeleg frå Stryn og Ottadalen blei sendt til Strynefjellet tysdag.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Vonar sterkt på ny tunnel

Rolf Olav Tenden sender dagleg mange av vogntoga sine over Strynefjellet med varer frå Sogn og Fjordane.

Han prisar seg lukkeleg over at det gjekk såpass bra som det gjorde tysdag.

– Jon er trass alt 72 år gamal. Han har køyrd bil i mange, mange år, nesten heile livet. Eg synest at den jobben han gjorde verkeleg var eit høgdepunkt i karrieren.

Tenden har mange gonger trekt fram brannfaren i dei gamle tunnelane. Tidlegare i sommar vart det kjent at regjeringspartia vil løyve 500 millionar i oppstartsmidlar i første delperiode av Nasjonal Transportplan, med fullfinansiering i andre del.

– No har vi gode signal frå alle parti, dei kranglar sjølvsagt om kven som har mest av æra for det. Men vi håpar at i løpet av 10 år er det ein heilt ny og trygg trefeltstunnel med 4,5 prosent stigning. Då er vi sikra.

Rolf Olav Tenden

GLAD SJEF: Rolf Olav Tenden er særs nøgd med innsatsen til sjåføren John Nedre-Flo etter brannen i ein av tunnelane på Strynefjellet tysdag.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Snakka med fingrane

Også ordføraren i Stryn, Per Kjøllesdal frå Senterpartiet, har lenge jobba for ny tunnel. Då brannmeldinga kom tysdag, blei det ei nervepirrande stund.

– Denne gongen var vi veldig heldige med at det var dei rette folka som kom først. Lokale folk som forstår kva som skal gjerast. Men vi har ingen garanti for det neste gong.

Då 72-åringen Jon Nedre-Flo kom til den brennande bilen i Oppljostunnelen såg han raskt at det var utanlandske turistar som var råka.

– Eg snakka med dei med fingerspråk, for eg er ikkje så god verken på tysk, nederlandsk eller noko anna utanlandsk språk. Men dei var jo friske og raske og ved godt mot.

– Vore med på mykje

Både turistar, langtransportsjåførar og andre vegfarande må framleis leve med dei smale tunnelane på riksveg 15, lenge.

For Jon Nedre-Flo er det ikkje anna val enn å halde seg på vegen, som oftast til og frå hovudstaden.

– Eg gjorde no det eg gjorde. Eg har levd lenge og vore med på mykje. Det dukkar no opp litt kunnskap når du har bruk for det.