Andreas (16) bestemte seg for å gje gass – vann juniorklassa

Som førsteårs FIS-løpar vann jølstringen Andreas Strand (16) i dag den yngste juniorklassa under storslalåmrennet på Norefjell. – Spesielt i guteklassa er det ganske uvanleg, seier trenar Øyvind Haraldsen.

Andreas Strand øvst på pallen i Norefjell

BEST: Andreas Strand (i midten) er stornøgd etter dagens siger i juniorklassa i storslalåmrenn i Norefjell. – Eg har slite litt med storslalåm til no, men etter at eg bytta skimerke, så har det gått betre, gliser han.

Foto: Hallgeir Vognild

16-åringen frå Jølster starta sesongen med startnummer 130, men har køyrt inn så pass mange FIS-poeng at han starta dagens renn med nummer 45 på brystet.

Med 30. plass etter første omgang, var han førstemann ut i andre omgang.

– Eg hadde flaks som kom med til finaleomgangen, men då var det berre å dra på. Omgangen var så å seie prikkfri og det gjekk bra teknisk, strålar 16-åringen.

Vann juniorklassa

Andreas Strand

UTVIKLING: Andreas Strand vann Hovudlandsrennet for 16-åringar i fjor.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Han tok sjansen til gagns og køyrde seg opp til 13. plass og sesongens desidert sterkaste plassering. Avstanden til sigrande, og seks år eldre Axel William Patricksson, var 8,63 sekund. Åge Solheim (Haugen) køyrde inn til niande plass.

Blant løparane som i år fyller 17 og 18 år, var det ingen som gjorde det betre enn Strand.

– Eg er veldig nøgd med det. Eg var vel nummer åtte i juniorklassa etter første omgang, og det var ikkje slik at eg vann fordi dei andre køyrde ut, men eg hadde ein god andreomgang, smiler han.

– Uvanleg, men gøy

Trenar Øyvind Haraldsen fortel at det er uvanleg at ein førsteårs FIS-løpar går sigrande ut i den såkalla junior 1-klassa.

Nettopp fordi ein må samle seg opp FIS-poeng for å få tidlegare startnummer og betre forhold i bakken. Men, det har skjedd før.

– Det er ganske uvanleg, men veldig gøy. Andreas gjorde det også bra under fartsveka på Hafjell, men plasseringsmessig var han ikkje i nærleiken av dette, seier han.

Set seg nye mål

Jølstringen flytta i fjor haust til Oppdal for å starte på skigymnaset. Sidan har han utvikla seg svært bra.

– Han er god på ski, men har ein veg att. Det ventar framleis mykje hardt arbeid, men det veit han sjølv. Vi jobbar dag for dag, og han er flink til å setje seg nye mål heile vegen, så med treningsarbeidet han legg ned no, så kan han hevde seg igjen, meiner Haraldsen.

Og det har 16-åringen tenkt å gjere.

– Målet er heile vegen å sanke FIS-poeng, få tidlegare startnummer og å køyre best mogleg på ski. Så hadde det vore kjekt å komme på pallen igjen i juniorklassa, seier Strand.