Hopp til innhold

Jølster vil trekke Astruptunet ut av Musea i Sogn og Fjordane

Jølster kommune vil trekke Astruptunet ut av Musea i Sogn og Fjordane. Årsaka er misnøye mot fylkesmuseet.

Oddmund Klakegg Laura Kvamme - styreleiar Musea i Sogn og Fjordane

SER TIL BERGEN: Misnøye mot Musea i Sogn og Fjordane gjer at Jølster-ordførar Oddmund Klakegg vil trekkje Astruptunet ut av fylkesmuseet. Han vil heller samarbeide med KODE i Bergen. Styreleiar Laura Kvamme ved fylkesmuseet likar ikkje tanken på å misse Astruptunet.

Foto: Bård Siem / NRK

Det var under rådsmøtet for Musea i Sogn og Fjordane onsdag at Jølster-ordføraren med alvorleg mine fortalde at han jobbar for å trekkje Astruptunet ut av Musea i Sogn og Fjordane.

Bakteppet er sterk misnøye mot det interne bråket ved fylkesmuseet som har kulminert med at to avdelingsdirektørar har trekt seg i protest. Den eine som trekte seg hadde ansvar for Astruptunet. Kunstnaren Nikolai Astrup budde i Astruptunet store delar av livet.

Klakegg håper no at Astruptunet heller kan bli ein del av museet KODE i Bergen.

– Vi må ha ein skikkeleg organisasjon i ryggen som kan drive Astruptunet på ein god måte. KODE kan i så måte vere det rette, seier han.

Ordføraren ser føre seg at museet kan kome styrka ut av eit slikt byte.

– Vi vil ha eit museum med større opningstider enn i dag, og med endå fleire besøkjande, seier Klakegg.

Rasmus Meyers Samlinger, KODE 3, Bergen.

VIL BLI STYRT FRÅ BERGEN: Ordføraren i Jølster meiner at det kan vere betre for Astruptunet å bli styrt frå Bergen.

Foto: Nina Skurtveit / NRK

Likar ikkje tanken

Laura Kvamme, styreleiar Musea i Sogn og Fjordane, likar ikkje tanken på å misse Astruptunet.

– Vi forstår at Jølster kommune er veldig opptatt av Nikolai Astrup. Når det er sagt er det viktig å seie at også Musea i Sogn og Fjordane har stor fokus på Astrup, seier ho.

– Kor uheldig vil det vere dersom fylkesmuseet misser Astruptunet?

– Vi må ta Jølster sitt signal til vitande. Men Astrup er veldig viktig for Musea i Sogn og Fjordane, seier ho.

Astruptunet

VIKTIG: Astruptunet er viktig for Jølster kommune, seier ordførar Oddmund Klakegg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Oddmund Klakegg presiserer at saka ikkje er behandla i kommunestyret i Jølster.

– Vi har sendt ein invitasjon til KODE i Bergen, og eg tykkjer det er rett å gje dette signalet allereie no, seier Klakegg.

NRK har utan hell forsøkt å få ein kommentar frå KODE onsdag.