Hopp til innhold

Jølster tapte mot erkerivalane Os

Trass i gode resultat under NM i handbak i Førdehuset, måtte Jølster Handbakklubb sjå seg slått av Os Handbakklubb totalt.

Lagbilete Jølster Handbakklubb

GLADE KARAR: Jølster Handbakklubb er godt nøgde med andreplassen totalt i NM.

Foto: Anders Veberg / NRK

- Vi må vere nøgde med andreplass. Os har dei fleste toppane, så det er ikkje overraskande at dei vann, seier Ottar Berg.

Totalt vart det ni medaljar på Jølster-klubben, og det er Berg godt nøgd med.

- Vi var 80 poeng bak i år, 150 i fjor. Får vi dei som var med i år litt opp, samt at dei vert litt meir stabile, så kan vi kanskje bli meir jamne med Os i framtida, trur Berg.

Jølster stilte med 15 mann

- Det gjekk brukbart. Vi skulle hatt den siste medaljen også. Det var små marginar i finalen, det var eit hårfint tap, seier Berg.

Han rosar klubbkameratane for innsatsen.

- Alle har gjort sitt beste, og det klaffar bra for dei. Men det er små marginar opp til førsteplass, seier Berg.

Han legg til at det er viktig å konkurrere, ikkje berre for konkurransen sin del, men fordi det gir viktig erfaring for satsinga vidare.

- Det er alltid viktig å konkurrere. Då får ein erfare sjølv korleis det er . Det kan ein bruke vidare når ein trenar, seier Berg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ottar Berg

TAPTE HÅRFINT: Ottar Berg med hårfint tap mot Arne Thuen frå Os Handbakklubb.

Foto: Anders Veberg / NRK

Tok sitt fjerde NM-gull

Berg sjølv har delteke på 22 NM på rad. I helga tok han sitt fjerde NM-gull, i kamp mot klubbkamerat Jan Erik Sunde i klasse master venstre hand, 90 kg.

- Master-klassen er open og ikkje delt inn i vekt. Eg er tyngre enn han eg møtte i finalen, og det spelte nok inn her, seier Berg.

Han legg til at det er fleire ting som spelar inn for at ein skal gå heilt til topps i ei tevling.

- For å vinne må ein ha styrken, sjølvsagt. Dessutan er det viktig med fokus under sjølve kampen. I tillegg er det mykje teknikk, seier Berg.

Slutta med fotball og starta med handbak

Stian Fenne tok ein andre- og ein tredjeplass i junior 80 kg, i høvesvis venstre og høgre hand.

- Eg var ganske sliten frå før, så det var litt uflaks med andreplass. Men eg er nøgd. Eg let meg ikkje knekkje av eit tap i finalen. Han skal få att neste år, seier Fenne, etter det knipne tapet mot Marcus Auberg i venstrehand.

- Målet var å komme til finalen, men så langt hadde eg ikkje tenkt i det hele teke, seier Fenne, som meir eller mindre starta med handbak litt tilfeldig.

- Eg byrja fordi eg slutta med fotball. Eg hadde eit par kompisar som dreiv med handbak. Eg blei med dei på trening, og så vart det berre meir og meir, seier Fenne.