Hopp til innhold

Jølster Hotell kan bli hotell att

VASSENDEN (NRK) I denne bygningen kan det bli hotelldrift att. Det stadfestar medeigar etter at det blei kjent at asylmottaket i bygget blir lagt ned frå 1. juli.

Jølster Hotell

SLUTT PÅ MOTTAK: Men kanskje starten på ny hotelldrift.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Magne Støfring er ein av eigarane av Jølster Hotell på Vassenden. Måndag vart det kjent at asylmottaket som har vore i bygget sidan 2010 skal leggast ned.

– For eigedommen sin del er det trist at asylmottaket vert lagt ned. Men vi må sjå framover. I fleire år har vi visst at denne dagen ville kome. Vi får håpe at bygningen kan kome tilbake i kommersiell drift, seier Magne Støfring.

– Vil jobbe intenst

NRK møter Støfring og ein annan medeigar, Anders Eikås, medan dei drikk kaffi på Jølstraholmen dagen etter nyhenda om mottaket sprakk.

– Kan det bli hotell her igjen?

– Ja, hotell i ein eller anna form. Det har vore målsetjinga heile tida. At bygget skulle tilbake til noko av det som vart drive der før. Men vi har hatt gode år med mottak, og vi hadde ønskt at mottaket ville vare ei stund til. Det har gitt inntekter og ville lettare realisert ei modernisering og ei utbygging, seier Støfring.

Magne Støfring og Anders Eikås

MEDEIGARAR: Frå venstre Magne Støfring og Anders Eikås er medeigarar av Jølster Hotell AS.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Korleis jobbar de mot at det skal bli hotell igjen?

– No er det éin dag sidan mottaket vart meldt lagt ned. Og alle eigarane har ikkje fått samla seg enno. Men vi vil jobbe ganske intenst for ei eller anna form for vidare drift, seier Støfring.

Håpar på hotell

Oddmund Klakegg (Sp), ordførarar i Jølster, seier mottaket har fungert godt for kommunen.

– Bygget har gjort stor nytte i mange år. Det er eit ærverdig og gamalt trehotell, bygd på 1800-talet. Det blir nok utfordrande å finne bruk til bygget i tida framover.

Han seier det er leit at mottaket no blir lagt ned, men håpar samstundes at det vil bety hotelldrift på Vassenden.

– Eg trur det vil bli utfordrande. Det er ikkje mange av dei små, gamle fjordhotella her i fylket som har stor inntening. Men ingenting er betre om ein får på plass hotelldrift igjen på Vassenden, seier Klakegg.