Hopp til innhold

John Kristian er på utveksling i Finland – frå leilegheita i Bergen

Då John Kristian fekk beskjed om at campusen i Finland kom til å vera stengt heile semesteret, valde han å reisa på digital utveksling.

John Kristian Ellertsen

UTVEKSLING: Frå leilegheita i Bergen studerer John Kristian Ellertsen ved Aalto-universitetet i Esbo i Finland.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Det spelar inga rolle undervisningsmessig om eg er i Bergen eller Finland, sidan alt er digitalt uansett, seier John Kristian Ellertsen.

Han studerer til vanleg ved NHH i Bergen, men er no utvekslingsstudent ved Aalto-universitetet i Finland.

Planen var eigentleg å reisa austover, men då han fekk beskjed om at campusen kom til å verta stengt heile semesteret, valde han å bli att i Bergen.

Studvest omtalte saka fyrst.

– Digital utveksling er eit godt kompromiss i dei tidene me lever i, seier studenten.

Sjølv om han sit i Bergen, merkar han at han er på utveksling.

– Det er kjekt med nye impulsar, nye menneske, nye fag og nye måtar å gjera ting på. No som det siste året har vore litt monotont, bryt det opp kvardagen, seier han.

John Kristian Ellertsen

SAKN: Ellertsen har tidlegare studert i Australia, og saknar nokre av dei kulturelle og sosiale sidene med utveksling. Likevel har han blitt godt kjend med fleire medstudentar.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Må ikkje bli ei digital kvilepute

Norsk studentorganisasjon (NSO) er positive til at studentar er på digital utveksling under koronapandemien, men er opptekne av at den digital utvekslinga ikkje må ta over for fysisk utveksling.

– Ein stor del av utveksling handlar om den kultur- og kunnskapsutvekslinga studentar får med den institusjonen og dei andre studentane ein møter. Det å vera på utveksling vil bidra til ein annan refleksjon, seier nestleiar i NSO, Felipe Garcia.

Difor vil ikkje han kalla digital utveksling for utveksling.

– For oss er det viktig at ein ikkje innfører såkalla digital utveksling i staden for utveksling, seier han.

I ei nyleg framlagt stortingsmelding om utveksling, er regjeringa tydelege på at dei vil at halvparten av alle studentar skal reisa til utlandet på utveksling.

Felipe Garcia, nestleder i Norsk studentorganisasjon forteller at det er mange fortvilte studenter.

FLEIRE: Nestleiar i NSO, Felipe Garcia, vil at fleire skal reisa på utveksling. – Det hjelper oss å løysa globale problemstillingar, seier han.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / NSO

Ikkje den store pågangen

Erasmus+, utvekslingsprogrammet som mange studentar reiser på utveksling i Europa med, opna for digital utveksling i haust.

Likevel har ikkje Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) merka den store pågangen av dei som vil reisa på digital utveksling.

– Eg trur den fysiske utvekslinga er det som gir mange av studentane den meirverdien dei ynskjer, seier Vidar Pedersen. Han er fagdirektør for europeisk utdanningssamarbeid i Diku.

Dei siste åra har om lag 15 prosent av norske studentar reist på utveksling i meir enn tre månader. Det er usikkert kor mange som er på digital utveksling i år.

– Noko av poenget med utveksling er å få internasjonale perspektiv på eiga læring og tilvære. Det må ein få til over nett også, om det skal vera god digital utveksling, seier Pedersen.

Vidar Pedersen, fagdirektør for europeisk utdanningssamarbeid i Diku.

SUPPLEMENT: Vidar Pedersen, fagdirektør for europeisk utdanningssamarbeid i Diku, trur det også kan vera rom for digital utveksling også i framtida.

Foto: Diku

Slepp dødtid med teknisk flinke finnar

Ellertsen seier han får meir gjort når han studerer digitalt.

– Ein slepp til dømes å bruka tid på å ta bussen til skulen, og kan vera effektiv heile døgeret, seier han.

Dessutan er finnane gode på å undervisa gjennom skjermen.

– Førelesarar i alle aldrar klarar å utnytta dei digitale løysingane. Det er mykje interaktivitet og gruppearbeid, seier studenten.

Ellertsen har også fått seg venner på dei digitale plattformene. Studentforeininga til Aalto-universitetet held kvisskveldar, og han har blitt kjend med både finske, islandske og engelske studentar.

– Me driv og snakkar saman på chat på ettermiddagane. Eg har planar om å besøka nokre av dei i Finland når det er mogeleg, seier han.