Hopp til innhold

Johanneskirken blir stengt på ubestemt tid

15 asylantar kom søndag til Johanneskirken i Bergen. Så lenge dei er i kyrkja vil kyrkja vera stengt for arrangement.

Johanneskirken i Bergen

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme har snakka med fleire av asylantane. Han vil la dei vera i kyrkja, men oppmodar dei om å forlata kyrkja.

Foto: Lene Granli / NRK

Bergen menighetsråd hadde måndag kveld møte, og vedtok då at kyrkja skal stengast for alle arrangement.

– Me vil stenga alle opne arrangement, noko som då omfattar blant anna gudstenester og konsertar, seier Kristin Knudsen, leiar i Bergen menighetsråd til NRK.

– Det er ut frå sikkerheitsmessige årsaker me gjer dette. Me har sett uttrykk for ulike haldningar blant anna på nettaviser, og me vil hindra at det oppstår kompliserande og farlege situasjonar. Me ønskjer også ikkje at fleire ikkje vil forlata kyrkja, seier Knudsen.

– Betyr det at det ikkje vil vera mogleg for fleire å gå i asyl i Johanneskirken?

– Ja, me stenger også for fleire asylantar, seier Knudsen.

Det er den fysiske bygninga som beskyttar

Ho understreker at det ikkje er Johanneskirken eller Bergen menighetsråd som har gitt desse 15 mennene asyl. Det er den fysiske kyrkjebygninga som beskyttar dei fordi det ikkje er tradisjon for å pågripa folk i kyrkjer.

Dei 15 asylantane er menn frå Iran, Afghanistan og Kurdistan. Dei fryktar for livet viss dei blir sende heim, har talsmann Babak Majed fortald til NRK .

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme har snakka med fleire av dei. Han vil la dei vera i kyrkja, men oppmodar dei om å forlata kyrkja.

– Løyser ikkje noko ved å sitta der

Det er førebels uklart kor lenge dei 15 mennene har planar om å vera i Johanneskirken, og dermed også uklart kor lenge kyrkja vil vera stengt.

– Me må berre vurdera det frå dag til dag, seier Kristin Knudsen.

Medan mennene er i Johanneskirken vil Bergen menighetsråd hjelpa dei med medisinske og helsemessige behov, og har vore i kontakt med Bergen kommune om dette.

– Me snakkar også med dei og prøver å få dei til å forstå at dei ikkje kan løysa noko ved å sitta der, seier Knudsen.