Hopp til innhold

Johannes sette perfekt NM-punktum

\Med ei forrykande sisteetappe på nye ski sytte Johannes Thingnes Bø for nok eit NM-gull til Sogn og Fjordane.

Johannes Thingnes Bø sikra stafettgullet.

SIKRA: Johannes Thingnes Bø leverte som berre det då stafettlaget til Sogn og Fjordane vart noregsmeistrar på heimebane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Thingnes Bø, som frå før hadde vunne både sprinten og normaldistansen, henta inn over minuttet på sisteetappen og gjekk laget inn til overlegen siger.

Avstanden ned til Oslo og Akershus var over halvminuttet i mål. Sør-Trøndelag tok tredjeplassen.

Eit godt plaster på såret for at det ikkje blir verdscupdebut i Khanty-Mansiysk kommande helg. Frå før er som kjend Johannes trippel junior-verdsmeister av året.

– På førehand var vi vel ikkje akkurat favorittar på papiret, men vi visste vi hadde ein bra mann på sisteetappe, fleipa han etter målpassering.

Ingen verdscup

Ole Martin Erdal sender Johannes Thingnes Bø ut på sisteetappe.

PÅ JAKT: Johannes Thingnes Bø (t.h.) gjekk inn over minuttet på konkurrentane og sikra gull.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Før stafetten fekk 18-åringen frå Markane beskjed om at han var vegd og funnen for lett med tanke på ein verdscupdebut.

Juniorlandslagstrenar Espen Nordby Andersen seier til NRK.no at det i hovudsak er Thingnes Bø sin unge alder som er grunngjevinga.

– Det var gløymt like fort som eg fekk vite det. Eg føler eg har gjort det godt nok på idrettsbana til å få prøve meg, men dette er ting som eg ikkje får gjort noko med. Eg tenkte ikkje over det i det heile, seier Thingnes Bø som på stafetten hadde med seg Jarle Midthjell Gjørven, Håvard Gutubø Bogetveit og Ole Martin Erdal for stafettlaget.

Siste medalje i år

Thingnes Bø har ikkje gitt opp meisterskapskonkurransane for i år. No ventar både NM i langrenn og NM-skiskyting for seniorar.

Sistnemnde i Trondheim om to veker. Då stiller truleg Sogn og Fjordane lag på stafetten.

– Men det var gjerne siste medaljen for i år. Skal eg ta medalje med seniorane må det bli 20 treff på normalen, og det har eg aldri klart før. På langrenn er eg vel ikkje meir enn ein outsider, legg Thingnes Bø til.

Misnøgd Erdal

Jarle Midthjell Gjørven la grunnlaget for stafettsuksessen på førsteetappe. Deretter leverte førdianarane Håvard Gutubø Bogetveit og Ole Martin Erdal varene på dei neste etappane.

Håvard Gutubø Bogetveit (t.h.) sender ut Ole Martin Erdal på tredjeetappe.

SPENNANDE: Håvard Gutubø Bogetveit (t.h.) sender ut Ole Martin Erdal på tredjeetappe.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Gutubø Bogetveit og Erdal måtte ut i strafferunder. Erdal var misnøgd etter å ha sendt ut Thingnes Bø på sjarmøretappen på ein femteplass, 1.12 bak leiande Oslo og Akershus.

– Ei strafferunde på ståande var unødvendig. Formen er grei i sporet, sa han medan lagkameraten frå Stryn tok opp jakta på medaljen.

Publikum hadde størst håp

Thingnes Bø skaut fulle hus, og med strafferunder på rivalane, vart det leikande mot mål.

– Over minuttet var på håret å ta att, så eg måtte berre køyre på. Var det sprint, hadde eg vel gjerne vunne med eitt minutt, seier 18-åringen.

Vikjen Asbjørn Wold sender ut Kolbjørn Ulvund for Hordaland sitt lag.

AVSLUTTA: Asbjørn Wold (t.v.) gjekk forrykande på førsteetappe for Hordaland, men det vart til slutt sjuandeplass i vikjen sitt aller siste junior-NM. Hordaland leia med over 20 sekund etter 1. etappe.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dei hadde kutta eine bakken, slik at løypa vart lettare. Det favoriserte dei som gjekk langt framfor. Eg trur nok publikum hadde større medaljehåp enn meg. Ein skal vere god for å hente inn over minuttet på 7,5 kilometer, legg han til.

Brukte nye ski

Gullmedaljen vart 18-åringen sin tredje strake under NM på heimebane. Og Sogn og Fjordane si femte i løpet av meisterskapen.

– Med tre gull så kunne ikkje det bli betre, gliser han.

Og det på ski han nytta for første gang denne helga.

– Både Alexander Os og Tarjei har brukt dei, så no var dei komne nedover i rekkene til meg. Men det var eit godt par, avsluttar han.