MÅ FLYTTA HEIM: Johannes Mehl (96) mister sjukeheimsplassen sin i Rosendal.
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK– Heilt vanvitig. Eg vil ikkje heim, seier 96 år gamle Johannes Mehl.
For mange år sidan var han med på å bygga sjukeheimen, no har han fått brev om at han snart må flytta heim frå Rosendalstunet. Kvinnherad kommune har ikkje plass til han lenger.
Dottera Kirsten Mehl aksepterer ikkje at faren må flytta heim.
– Eg vert bunden, eg kjem meg jo ikkje nokon veg. Eg har hatt det slik i mange år. No har eg sagt ifrå om at eg ikkje vil ha det slik lenger.
La ned sjukeheim
Kvinnherad kommune har tradisjonelt vore ein relativt velståande kommune. Men i fjor hamna kraft- og industrikommunen på Kommunal- og regionaldepartementet sit ROBEK-liste. I haust vedtok kommunen, med Arbeidarpartiet og Framstegspartiet i spissen, å legga ned sjukeheimen på Varaldsøy.
Protestane var kraftige i lokalbefolkninga. No er det dei eldre som merkar innsparingane.
VIDEO: Bebuarane på sjukeheimane i Kvinnherad merkar at det har vorte ein sjukeheim mindre i kommunen.
Må bu på badet
Medan Johannes må flytta heim, bur andre bebuarar på rom som slettes ikkje er berekna til å bu på. Marta Øye fyller snart 83 år, ho må finna seg i å bu på eit av bada på sjukeheimen i Ølve. Ho kjem eigentleg frå Varaldsøy.
BUR PÅ BADET: Marta Øye (82) må finna seg i å bu på badet på sjukeheimen i Ølve.
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRKSonen meiner situasjonen er uverdig.
– Ho må gå ut når andre skal nytta badet, det er tungt å sova, det vert for varmt, seier Kjell Arne Øye.
Andre har måtta bu på korridoren.
– Uverdig
– UVERDIG: Eva Reime Ljosnes, er tillitsvald ved Rosendaltunet.
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRKDei tilsette sine representantar slår òg alarm. Dei finn seg ikkje lenger i at bebuarane på dei attverande sjukeheimane skal bu på rom som ikkje er eigna til å bu på.
– Det er eit stort press. Brukarane må bu på små rom, kott og dagstover. Eg synst ikkje det er verdig for dei som har vore med på å bygga opp landet å ha ei slik pleie, seier Eva Reime Ljosnes, som er tillitsvald på Rosendalstunet.
På den nedlagde sjukeheimen på Varaldsøy står romma ubrukte. I Rosendal har ein heil fløy stått avstengd sidan 2009.
STÅR TOMT: Lokalpolitikarane vedtok å legga ned sjukeheimen på Varaldsøy i haust. No står det tomt.
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRKHøgre vil opna att
– Me meiner at ein bør opna ingen på Varaldsøy, seier kommunestyrerepresentant frå Høgre Arne Presthus.
Han røysta i mot å legga ned sjukeheimen på Varaldsøy. No ønskjer han å opna dei stengde sjukeheimsplassane igjen.
– Me treng å komma tilbake til ein situasjon som er meir verdig for dei pleietrengande, seier Arne Presthus som er kommunestyrerepresentant for Høgre.
Forstår reaksjonane
Men ordføraren vil heller bygga ut i Rosendal, noko det ikkje finst pengar til dei neste åra.
FORSTÅR REAKSJONANE: Ordførar Synnøve Solbakken var ein del av fleirtalet som la ned sjukeheimen på Varaldsøy.
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK
OPPRETTAR TILSYN: Fylkeslege i Hordaland Helga Arianson.
No varslar fylkeslegen i Hordaland at ho vil føra tilsyn med tilhøva i eldreomsorga i Kvinnherad.
– Me gjer det fordi me over tid ser at kapasiteten i institusjonane og heimetenesta er grunn til å stilla spørsmål med, seier fylkeslege i Hordaland Helga Arianson.
Pasientombodet er kritisk
Rune Skjælaaen som er pasientombod i Hordaland meiner behandlinga som Marta og Johannes får er uverdig.
– Det som Kvinnherad presenterer her er ikkje nokon verdig alderdom. Og dette vil berre verta verre om dei ikkje gjer noko. Det slit ut dei som er heime med sine foreldre, seier pasientombodet.
Han var mellom anna på eit folkemøte i samband med nedlegginga av sjukeheimen på Varaldsøy, der han meiner det gjekk tydeleg fram at nedlegginga kunne verta problematisk. Skjælaaen meiner Kvinnherad kommune må ha sett kva som ville komma.
VIL IKKJE HEIM: Johannes Mehl har inga forståing for at han ikkje får halda fram med å bu på sjukeheimen. Dottera Kirsten Mehl aksepterer ikkje at faren må flytta heim.
Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK– Det gjer meg faktisk litt redd. Dei råkar ei gruppe som ikkje kan forsvara seg og tala si eiga sak, seier Skjælaaen.
– Ikkje tale om!
Johannes Mehl sitt på rommet sitt på Rosendaltunet. Om vedtaket ikkje vert omgjort, må han snart finna seg i å flytta heim att.
– Eg vil ikkje heim. Ikkje tale om! Då kan dei heller sende heim sjefane i kommunen, seier 96-åringen galgenhumoristisk.