Hopp til innhold

Knuste løyperekorden med over eitt minutt

ULVIK (NRK): Johan Bugge frå Eidsvåg IL slo ny rekord i herreklassa under Kvasshovden Opp og stakk dermed av med sigeren i NM i motbakkeløp.

Johan Bugge sette ny rekord under Kvasshovden Opp og vann dermed NM.

NY REKORD: Johan Bugge frå Eidsvåg IL sprang inn på tida 46:49.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Laurdag føremiddag vart Kvasshovden Opp arrangert for 10. gong. I år, som i 2011, er det denne løypa som utgjer NM i motbakkeløp.

Johan Bugge, som spring for Eidsvåg Idrettslag i Møre og Romsdal, slo dette året Øyvind Heiberg Sundby sin tidlegare rekord frå 2009 med nesten eitt heilt minutt. 26-åringen sprang dei 1030 høgdemetra på tida 46:49, og vann dermed NM.

Bugge slo for alvor gjennom som motbakkeløpar i 2015, då han vann både NM i Nissedal og EM i Portugal.

Gjekk for siger

Johan Bugge innrømmer at han gjekk for siger under dagens løp, men han presiserer at det er mykje som skal klaffa for at det skal gå bra.

– Det kjennest bra no. Eg er veldig nøgd, seier 26-åringen.

Han er ikkje heilt ukjent med løypa, då han også deltok under NM i Ulvik i 2011. Den gongen kom han på andreplass i juniorklassa, og på femteplass totalt.

– Eg visste kva eg gjekk til med tanke på løype, men no er eg seks år eldre, og då har du litt meir «punch».

Perfekte forhold

180 var påmelde i den 7,5 kilometer lange konkurranseløypa som startar i Ulvik og endar oppe på fjellet Kvasshovden.

– Dette er litt færre enn under NM i 2011, men framleis fleire enn vanleg, fortel leiar for arrangementet, Johan Børsheim.

Han er godt nøgd med forholda dette året.

– I år er det heilt perfekt. Løypa er oppgradert med betre underlag, og vêret er flott, seier han.

Toppen av Kvasshovden under motbakkeløpet Kvasshovden Opp som også var NM i 2017.
Foto: Stian Røkenes / NRK

Rekorden for kvinner står framleis

Rekordhaldaren i kvinneklassen er framleis Kirsten Maraton Melkevik frå BFG Fana, som sprang på tida 54:57 i 2011.

May Britt Buer frå Gular gjorde likevel ein iherdig innsats, og vann kvinneklassa. Ho sprang i mål over halvanna minutt før Eli Anne Dvergsdal som tok andreplassen.

Ikkje uventa var det mange av favorittane som hevda seg i toppen under motbakkeløpet i Ulvik.

Resultat kvinner

1 May Britt Buer Gular 57:16
2 Eli Anne Dvergsdal Gular 58:56
3 Anita Iversen Lilleskare BFG Bergen løpeklubb 1:01:20
4 Ingrid Festø Gular 1:01:27
5 Tiril Eckhoff Fossum IF 1:01:59

Resultat menn

1 Johan Bugge Eidsvåg IL 46:49
2 Stian Angermund-Vik Varegg Fleridrett 48:47
3 Joel Dyrhovden Samnanger IL- Safa 49:40
4 Per-Christian Lysaker Torgersrud Team Sportsmanden 51:01
5 Stian Øvergaard Aarvik 51:52

Andre resultat frå Kvasshovden Opp 2017 og tidlegare år kan ein finne her.