Hopp til innhold

Ein mann fengsla: Jobbar hardt med å avdekke ungt narkomiljø i Sunnfjord

Politiet jobbar no intenst med å avdekke eit narkomiljø i Sunnfjord der omsetning av farlege, syntetiske stoff er sentralt. I går blei ein ung mann i miljøet varetektsfengsla.

Stine Mari Vårdal

ETTERFORSKAR: Stine Mari Vårdal meiner det er viktig at dei fekk varetektsfengsla den unge mannen. Ho jobbar som etterforskar ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Den 21 år gamle mannen blei pågripen av politiet onsdag 2. mai, sikta for fleire brot på straffelova. Politiet kravde fire veker i varetekt med brev- og besøksforbod, noko Sogn og Fjordane tingrett sa ja til.

Stine Marie Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor vil ikkje utelukke at fleire er involverte i denne saka.

– Difor bad vi om brev- og besøksforbod. No skal vi gå gjennom ei beslaglagde gjenstandane og etterforske saka vidare, seier ho.

NRK veit at politiet i lengre tid har halde miljøet mannen er ein del av under oppsikt. Det har også blitt gjennomført fleire uroaksjonar frå politiet si side.

21-åringen blei dømd i ei anna narkosak for to år sidan. Den gongen meinte retten det var formildande at han då hadde brote med sitt tidlegare miljø.

Narko stoppa i posten

Forsvararen til mannen, Ivar Blikra, vil ikkje kommentere saka no.

I vår blei det stoppa fleire postsendingar med større mengder narkotika som var adressert til den sikta mannen. Til saman blei det stoppa 31 gram MDMA, 127 gram amfetamin og 78 ecstasypiller.

– Denne mengde narkotika blir vurdert som eit grovt narkotikalovbrot, skriv tingretten.

Politiet har også ei mindre mengd med anabole steroid, roande medisin og cannabisfrø.

Fryktar han vil påverke vitne

Retten meiner det er nærliggjande fare for at mannen vil øydeleggje bevis, ta kontakt med andre personar i saka eller påverke vitne om han blir sleppt fri.

– Det er lagt særleg vekt på at det er snakk om alvorlege forhold og at politiet framleis er tidleg i etterforskinga, meiner retten.

Politiet har beslaglagt PC-en til mannen. Han vil verken gi opp koden til denne eller mobiltelefonen. PC-en er difor sendt til datakrim for sikring og gjennomgang. Det blir også henta inn kontoutskrifter.

– Relevant informasjon frå både datamaskin og kontoutskrifter må deretter analyserast opp mot dei andre opplysningane i saka, og dette vil danna grunnlag for ytterlegare avhøyr i saka. Det er då avgjerande at den sikta ikkje får høve til å påverke vitne før desse avhøyra finn stad, skriv retten.