Hopp til innhold

Jenter på joggetur skremde av det dei trur var to ulvar

Sara Mundal Aase og venninna Jenny var på joggetur då dei brått såg noko røre seg i eit kratt. – Vi vart redde og la på sprang.

Kart, Henjadalen i Leikanger

LANGS ELVA: Jentene på 17 og 18 år var på joggetur langs Henjaelvi på Hermansverk då dei laurdag såg det dei trur var to ulvar.

– Det var to stykk. Eg såg bakenden på den eine, og hovudet på den andre, fortel 17-åringen frå Hermansverk.

Ho la ut på joggetur oppover Henjadalen saman med ei venninna i 12-tida laurdag.

Vart redde

– Om lag fire kilometer frå busetnaden la venninna mi merke til at det var noko som rørte seg i ei busk. Først såg vi ein hale, fortel Aase.

Etter kvart kom to hundedyr til syne. Jentene føler seg rimeleg trygge på at det ikkje var vanlege hundar dei såg.

– Eg tenkte instinktivt på ulv. Det kan ha vore hundar, men vi reagerte på at det var ulv. Vi vart ganske redde. Det var jo langt frå folk, så vi la på sprang.

Jentene vart så fortumla at dei i farten heller ikkje fekk fanga med mobilkamera.

Ulvesommar

Tidlegare i sommar vart det funne kadaver i fjellområdet over Leikanger etter det som truleg er ein ulv sine herjingar. Siste månaden har det derimot vore stille. På vårparten var det også gjort ulveobservasjonar i Stryn. Dette var truleg det same dyret som seinare vart skote på Sunnmøre.

I slutten av juli meinte ein hytteeigar at han såg ulv frå terrassen sin på Utvikfjellet i Gloppen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ulv i Ottadalen

SLIK KAN DEN SJÅ UT: Denne ulven vart sett i Ottadalen i Oppland tidlegare i sommar.

Foto: Jørn Magne Stasviken

Ikkje fått melding om skader på beitedyr

I Statens Naturoppsyn har rovviltansvarleg Rein Arne Golf høyrt nyss om observasjonen. Han seier det er umogleg å fastslå kva jentene faktisk såg, så lenge ein ikkje har fått inn dokumentasjon.

– Det er ikkje meldt om rovviltskadar i området den siste tida, seier Golf til NRK.no. I fjella mellom Årdal og Lærdal har derimot jerv gjort store skader. Og det er også meldt om sauetap i Naustdal.

Han oppmodar folk å melde frå viss dei kjem over skadde eller daude dyr. Ulven er normalt ikkje til fare for folk.

Uansett kva dei såg laurdag, fekk jentene på joggetur i Henjadalen seg ein støkk.

– Eg trur eg ventar litt med å jogge i Henjadalen, ler Sara Mundal Aase.