Hopp til innhold

Jenter har tilstått tagging

Tre unge jenter har tilstått tagginga på Eid kyrkje.

Tagging på Eid kyrkje.
Foto: Øystein Torheim

Ei av jentene er knapt 20 år, medan dei to andre er i alderen 16-17 år.

- Det er også snakk om ei fjerde jente, som vi kanskje kjem til å snakke med. Men denne jenta ser ut til å ha hatt ein meir perifer rolle i hærverket, seier lensmann Webjørn Moa til Fjordabladet.

Mykje hærverk

Tagging på statue av Sophus Lie.
Foto: Charlotte Hellebust

Dei tre jentene har i følgje lensmannen tilstått tagging på Eid kyrkje, på Kyrkjetunet, på Sophus Lie-statuen, på Sjøkanten grill, på ein bil på Skipenes og på ein politibil ved Nordfjord hotell. Dette skjedde natt til torsdag i førre veke.

Jentene har også tilstått herværk, tjuveri og tagging fleire andre stader i kommunen.

- På grunn av alvoret i saka har vi sett inn litt ressursar for å oppklare saka raskt. Vi kan no avkrefte at det er snakk om at satanistar har vore på ferde. Dette er rett og slett berre snakk om reint hærverk, seier Moa.

Kan hamne i retten

Jentene er alle elevar ved ein vidaregåande skule på Eid.

- Kva reaksjonsform påtalemakta vel kan vi ikkje seie noko om enno, men det kan vere snakk om alt frå bøtelegging til konfliktråd eller i verste fall at saka vert teke til retten, seier Moa.