Hopp til innhold

Jentene spelte verdas lengste sandvolleyballkamp

Etter 26 lange timer var det over. No kan dei fire jentene slappe heilt av, vel vitande om at dei har sett rekord med verdas lengste sandvolleyballkamp.

Jublar for volleyballrekord

REKORD: Jentelaget ved Sunnfjord folkehøgskule sette rekord i verdas lengste sandvolleyballkamp på 26 timer i dag.

Foto: Randi Indrebø / NRK

26 timer med volleyball-speling er over, og jentene hoppar, skrik, klemmer kvarandre. Dei blir drukna i medelevar og heiarop - for det er ikkje kvar dag ein set verdsrekord.

– No kjennest det veldig bra, men det har vore veldig slitsomt, seier jentene.

Dei fire jentene Veslemøy Engh, Karoline Halvorsen, Ane Spurkeland og Ingvild Gilje har heldt ut i mange timer, men seier at det ikkje har vore aktuelt å gje seg, og dei har blitt oppmuntra av heiing og jubling frå andre elevar på sidelinja.

Men dei innrømmer at det var slitsomt i natt då dei helst berre ville legge seg ned og sove.

No skal jentene ut og feire, men innrømmer glatt:

– Det kan hende vi sovnar med ein gong.

Måtte bryte

Tidlegare i dag var det derimot ikkje så mykje jubel i hallen. Gutane måtte gje seg grunna skader i åtte-tida, og fekk dermed ikkje nokon verdsrekord.

– Eigentleg er det greitt, med tanke på kor vondt eg har det no. Men det var sjølvsagt trist å bryte, så det kom nokre tårar på bana, sa Ivan Jonas Bostad rett etter at kampen vart avslutta.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gutelaga måtte gi seg i verdsrekordforsøket på Sunnfjord folkehøgskule. Intervju med Ivan Jonas Bostad.

GAV OPP: Gutane måtte gi opp grunna store smerter tidleg i morges. Video: Eli Eikenæs Vengen.

Skuffa ansikt, tårar, gutar som klappar kvarandre på skuldra. Slik såg det ut på sandvolleyballbana da gutane måtte kaste inn handkledet. Volleyballærar Magne Hornnes såg at nokre av gutane sleit, og da var det best å berre avslutte.

– Ein av gutane sleit veldig med ryggen, og vi måtte berre stoppe kampen. Det var nok ikkje greitt for han, men makkaren hans sleit også veldig med leggen, fortel Hornnes.

På eit tidspunkt låg begge gutane på laget nede i smerte.

Tidlegare i år sette elevane ved den same folkehøgskulen verdsrekord i verdas lengste volleyballkamp, men det var venta at sandvolleyballkampen ville vere ganske mykje tøffare.

Kva er den største forskjellen på denne sandbana og den andre volleyballbana?

– På den andre bana søkk du ikkje ned, slik som her, og her er det to spelarar på ein meter mindre bane. Og her må du stå på same plass i 30 timar, medan vi i den andre kampen kunne rullere. Så det er stor forskjell, seier Bostad, før han kjem seg av garde for å slappe av og kanskje unne seg ein real fotmassasje.