Hopp til innhold

Jente (8) til sjukehus etter krasj

Fire personar var innblanda då to bilar støytte saman på fylkesveg 664 ved Vedvik i Eid kommune. Den eine bilen skal ha kome ut frå ein sideveg. Ei jente på 8 år vart sendt til Eid sjukehus for kontroll. Politiet fekk melding om kollisjonen klokka 1343.