Hopp til innhold

Jente (13) følgt etter på veg til skulen

Politiet ønskjer tips etter at ein vaksen mann følgde etter ei tretten år gamal jente på Leikanger.

Leikanger ungdomsskule

LEIKANGER UNGDOMSSKULE: Jenta var på veg til skulen då den vaksne mannen tok kontakt og følgde etter henne. Arkivfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Episoden skjedde i Henjabakken klokka ti på åtte om morgonen tysdag.

Jenta var på veg for å møte ei venninne som ho skulle gå i lag med til skulen, då ein vaksen mann tok kontakt. Jenta vart redd og tok til å springe, men mannen følgde etter.

Jenta tok så av til venninna som avtalt, medan mannen heldt fram i ei anna retning.

Politiet ønskjer tips frå folk som kan ha sett mannen. Han er om lag 1,80 meter høg, brei over skuldrene, lys i huda og snakkar norsk. Han var kledd i kvit hettegenser, kvit joggebukse, svart lue og ein svart buff.

Då mannen tok kontakt med jenta hadde han trekt buffen over nasen og lua ned i panna, så berre auga var synlege.